Trenar KI-modell i sommarjobben

Fire praktikantar brukar sommaren på utvikla ein KI-modell for Ruter. Dei kjem med ei klar oppfordring om å leika med kunstig intelligens.

Magnus Rotevatn
Publisert

Denne saka er ein del av artikkelserien «Framtidas arbeidsliv», som er støtta av Fritt Ord.

Kvar sommar samlar Ruter – og deira heileigde selskap Tet Digital – nokre unge og skarpe hovud for å løysa tekniske utfordringar. I år er det studentane Mads Saua Balto, Julie Nomeland, Bjarki Thor Norddahl og Leander S. Parton som skal bidra til nye teknologiske løysingar hjå Tet og Ruter.

Prosjektet dei jobbar med handlar om å bruka kunstig intelligens til å handtera telefonsamtalar frå kundar betre.

– Når kundane ringjer til kundeservice, så er det veldig lite tid til å registrera kva som blir sagt, forklarar Bjarki Thor Norddahl.

Med lite tid til å notera kva kundane seier så er det vanskeleg å formidla problemet vidare sånn at det kan bli løyst. Planen er å få kunstig intelligens til å transkribera samtalane medan Ruter snakkar med kundane sine, då vil ein forstå meir av kva dei ynskjer og klagar på.

Trenar KI-modellen

For at ein skal kunna transkribera samtalene, treng Ruter ein KI-modell som er god på å forstå nordmenn som snakkar med eit dårleg telefonsignal. Dei KI-modellane som finst i dag er betre på å forstå engelsk enn norske dialektar.

– Me skal finpussa på KI-modellen sånn at han skal bli betre på norsk telefonsamtale, fortel Mads Saua Balto.

– Me har mykje data som me vil at modellen skal trena på, og så definerer me korleis han skal trena vidare på dataa, deretter let me eigentleg berre den treningsjobben gå over lenger tid, forklarar Leander S. Parton.

Materialet som modellen trenar på består av mange lydfiler som allereie er transkriberte. Målet er at modellen skal læra av feila sine og bli justert etter kvart.

Ein treng KI-kompetanse

Viss ein synest at kunstig intelligens verkar spennande, så meiner gjengen hjå Ruter at det berre er å byrja å leika med teknologien.

Umair Mehmood Imam. Foto: Magnus Rotevatn

– Start med å leika, leik til dømes med ChatGPT eller liknande tenester utvikla av andre, oppmodar Umair Mehmood Imam. Han er Ruter og Tet sin KI-sjef og universitetslektor ved OsloMet.

Også praktikantane er samde i at det berre er å byrja.

– Kan du ikkje koda, så er det mogleg å bruka ChatGPT for å læra seg å koda, berre sei «Eg kan ingenting, men vil byrja å læra programmeringsspråket Python. Kan du gje meg ti oppgåver?», seier Bjarki Thor Norddahl.

Dei fortel også at kunstig intelligens ikkje berre er for teknologi-nørdar.

– Eg brukar kunstig intelligens til matlaging, av og til tek eg bilete av det eg har i kjøleskapet og spør kva kan eg laga av dette, seier Mads Saua Balto.

Praktikantane meiner at i framtida så kjem nok alle til å trenga å ha kompetanse til å bruka kunstig intelligens.

– Ein må ha ein viss kompetanse for å kunna bruka internett på ein god måte, og like eins må ein ha riktig kompetanse for å bruka kunstig intelligens på ein god måte, meiner Leander S. Parton.

Aukar krava til menneska

I framtida kjem kunstig intelligens til å prega mange delar av liva våre. Det fortel KI-ekspert Elin Hauge over telefon til Framtida.

Ho meiner at kunstig intelligens kjem til å bli ein integrert del av samfunnet og arbeidslivet overalt der det finst ein digital komponent, men at det ofte kjem til å skje saumlaust utan at me tenkjer over det.

Elin Hauge. Foto: Kristoffer Sandven

– Eg har tidlegare tenkt at me alle treng å læra masse nytt, men no trur eg at mange arbeidstakarar implisitt kjem til å læra seg dei nye verktøya dei treng i arbeidskvardagen, seier Hauge.

Dette betyr ikkje at me kan slappa heilt av. Ifylgje Hauge betyr framveksten av kunstig intelligens at me må bli endå betre arbeidstakarar.

– Mange vil oppleva at kravet til den menneskelege kompetansen aukar. Kunstig intelligens er ofte god på å løysa dei enklaste tilfella, men dei vanskelege analysane må arbeidstakarane bli gode på.

Hauge fortel at jo meir kompleks, tverfagleg og unik ei oppgåve er, dess viktigare er det med dyktige menneske.

Ho peikar også på at det er viktig å ha ei grunnleggjande forståing av teknologi og kunstig intelligens – både for å kunna handtera KI-verktøy på jobben og unngå at andre misbrukar dataa våre.


OpenAI sin ChatGPT vart lansert i 2022. Foto: Mojahid Mottakin / Unsplash