Unge Venstre meiner sjukelønnsordninga må strammast inn: – Veldig sjenerøs

OECD kritiserer Noreg for rause ordningar og høgt sjukefråvær. Unge Venstre og AUF er usamde om korleis ein skal sikra at unge står i jobb.

Signe Gjeraker
Publisert
Oppdatert 06.08.2024 08:08

Denne saka er ein del av artikkelserien «Framtidas arbeidsliv», som er støtta av Fritt Ord.

– Utgiftene er for store, og dei vert ikkje haldne på eit berekraftig nivå, seier Unge Venstre-leiar Ane Breivik på telefon til Framtida.no

Førre månad la OECD fram sin jamlege rapport om korleis det står til med den norske økonomien. Rapporten vert lagt fram med 18 månadars mellomrom. I årets rapport var det særleg helsesystemet og dei norske trygdeordningane som stod i fokus.

Noko av det OECD rettar kritikk mot er at Noreg har langt høgare sjukefråvær enn dei andre medlemslanda. Direktør for landsrapportar i OECD, Luiz de Mello, sa under pressekonferansen for framlegginga av rapporten at dei ikkje trur det høge sjukefråværet skuldast at nordmenn er meir sjuke enn innbyggjarane i andre land. Dei trur heller det skuldast at Noreg har sjenerøse sjukepengeordningar. Dette er ikkje tenleg for den norske økonomien, meiner OECD.

Kva er OECD?

OECD (Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling) er ein internasjonal samarbeidsorganisasjon med 38 medlemsland. I OECD vert økonomiske og sosiale spørsmål diskutert. Slik får medlemslanda bidrag til korleis deira nasjonale politikk kan utformast for å best sikre økonomisk vekst og tryggleik for borgarane. Ein del av arbeidet som vert gjort i organisasjonen er altså at medlemslanda vert vurdert og økonomien vert gjennomgått for å finne korleis politikken kan endrast for å sikre betre økonomisk vekst.

Vil kutte i sjukelønsordninga

Leiar i Unge Venstre, Ane Breivik, er bekymra for at offentleg sektor eser ut.

Ho trekk fram dagens sjukelønsordning som eit eksempel på dette.

– Me har ei ordning som er veldig sjenerøs, og på nokre punkt verkar ho mot si hensikt. Me har verdas mest sjenerøse ordning, men òg svært høgt fråvær frå arbeid. Mykje tyder på ein samanheng mellom dette, seier Breivik til Framtida.no over telefon.

Unge Venstre ønsker difor å kutte i sjukelønsordninga ved å innføre ein viss eigenandel for den som er sjuk.

Ane Breivik (Unge Venstre) | Foto: Magnus Hundvin

Innføre karenstid

Liknande løysingar ser Unge Høgre og FpU.

Unge Høgre ønsker å redusere sjukeløna til 80 prosent, og å innføre tre karensdagar, og viser i sitt partiprogram til at det er naudsynt å drifte velferdstenestene meir effektivt. Dei viser òg, likt som Unge Venstre, til at ein berekraftig velferdsstat er naudsynt for å kunne ta vare på dei som fell utanfor samfunnet.

FpU ser seg nøgd med å innføre ein karensdag, men ønsker òg å kutte i sjukeløna.

 

Karenstid

Karenstid vert brukt om eit tidsrom før visse rettar vert tekne i bruk. Når ein snakkar om karenstid og sjukepengar, viser ein til tidsrommet før ein har rett på sjukeløn, altså løn medan ein er sjuk. I dag har ein ikkje slike karensdagar, men vil ha krav på løn frå fyrste dagen ein er sjuk, dersom ein har krav på sjukepengar.

AUF vil styrkje velferdsstaten

AUF er usamde med OECD og Unge Venstre i at Noreg har for rause sjukelønsordningar.

Sentralstyremedlem Sandra Tenud held fram at rapporten frå OECD ikkje gir svar, men viser oss det me allereie veit – at me må ta vare på dei som hamnar utanfor.

– Me har gode ordningar og ein god velferdsstat, men den må styrkast, seier ho på telefon til Framtida.no.

Sandra Tenud, sentralstyremeldem i AUF. | Foto: Privat

AUF er ikkje samd i at løysinga er å kutte i sjukelønsordninga.

I staden vil Tenud styrke velferdstenestene, og trekk fram at heile samfunnet tener på å gi unge fleire moglegheiter.

– Ein skal ikkje måtte betale for å vere sjuk. Høgresida sin pisk funkar ikkje, seier Tenud.

Auke i unge uføre

Luiz presiserer under pressekonferansen at det er den overflødige sjukemeldinga som er skadeleg.

Tal frå NAV viser at det er for dei unge sjukefråveret går mest opp. I tillegg viser tala at psykisk uhelse hjå dei unge utgjer 30 prosent av sjukefråværet.

I tillegg legg rapporten frå OECD fram at prosentdelen unge som vert uføre har auka i Noreg dei siste ti åra. Dette meiner dei er problematisk fordi jo yngre ein er når ein vert ufør, jo vanskelegare er det å kome tilbake i arbeid igjen. OECD peikar vidare på at Noreg presterer dårlegare enn andre medlemsland i å inkludere menneske med nedsett arbeidsevne i arbeidslivet.

– Når det gjeld ung uførleik så er det utan tvil alt for mange, seier Breivik i Unge Venstre. Ho peiker på at det er problematisk at mange vert rekna som uføre i ung alder, særleg fordi ein veit at arbeid er viktig for psykisk helse og for å høyre til ein fellesskap.

– Graden av unge på AAP (arbeidsavklaringspengar red.anm.) har auka kraftig, langtidsfråværet har auka, og mange vert rekna som ufør i ung alder, seier Breivik, og presiserer at dette klart ikkje er bra.

Stenge for full uføretrygd til unge

Ho viser til eit forslag frå Høgres Henrik Asheim om å stenge for å gi full uføretrygd til unge under 30 år, men seier at ho er skeptisk til ei slik løysing.

I staden ønsker Breivik og Unge Venstre å regulere kor mange som har langtidssjukefråvær. Dette ønsker dei å gjere ved å gjere dei nemnte endringane i sjukelønsordninga.

Høgres nestleiar,Henrik Asheim, meiner unge ikkje skal få full uføretrygd. | Foto: Kunnskapsdepartementet

– Og så må arbeidsgivarar bli flinkare til å ta i bruk arbeidarar med gradert uførleik. Me må bli flinkare til å tilpasse arbeidsstadane for dei ulike gradene av arbeidskapasitet som folk har, held ho fram.

Også FpU tek i sitt program til orde for å avgrense moglegheita til å få endeleg avklart uføretrygd for dei under 30 år.

Framtida.no har forsøkt å kome i kontakt med FpU-leiar Simen Velle, men ikkje lukkast.

AUF ønsker fleire midlar til trygdesystemet

AUFs Tenud meiner at det er eit aukande problem med unge uføre, men at dette ikkje er ei følgje av at ordningane er for gode.

– Spør ein dei unge uføre så er det ikkje gode ordningar som gjer at dei er det.

Tenud meiner at det er for mange som fell utanfor samfunnet og arbeidslivet, og at det må gjerast meir for å få dei med.

Ho viser til ein nyinnført ungdomsgaranti i NAV, der ei gruppe unge mellom anna skal ha krav på ein fast person å snakke med i møte med NAV – ei ordning AUF var pådrivarar til.

Tenud peiker på hinder som lange køar i trygdesystemet, omfattande skjema, og kompliserte dokument ein må fylle ut om ein skal få hjelp av staten.

– Å kutte i sjukelønsordningane hjelper ikkje folk, men aukar forskjellane og gir folk færre moglegheiter til å lukkast, avsluttar Tenud.