Ap-kritikk etter abortforslag: – Ap i regjering lek som ein sil

Senterungdommen meiner Arbeidarpartiet lek som ein sil, medan Unge Venstre meiner regjeringa set kvinners rettar på spel og er feige i det venta abortforslaget.

Ingvild Eide Leirfall
Publisert

Torsdag 22. august melder fleire medium om at dei har grunn til å tru at regjeringa vil legga fram forslag om ny abortlov og utvida retten til abort frå 12 til 18 veker.

Det er Arbeidarpartiet og Senterpartiet som sit i regjeringa, men ifølgje NRK og DN vil ikkje Senterpartiet stilla seg bak forslaget og vil behalda dagens grense. Dei har likevel sagt at dei vil fristilla stortingsrepresentantane sine i dette spørsmålet, som er vanleg i verdispørsmål. Det vil seia at det er opp til den enkelte politikaren på Stortinget å stemma det dei sjølv meiner er rett.

DN skriv at Arbeidarpartiet, Venstre, SV, MDG og Raudt er venta å stemma ja til forslaget. Høgre og Frp har i sine partiprogram at dei vil halda på dagens grense på 12 veker, men dei har også fristilt sine politikarar i saka. Det vil seia at Arbeidarpartiet berre treng støtte frå fem utbrytarar frå Senterpartiet, Høgre eller Frp for å få lova vedteken.

Omar Svendsen-Yagci, 2. nestleiar i Unge Venstre.

– Set kvinners rettar på spel

– I første omgang synest me det er bra med eit forslag om å utvida retten til 18 veker, men det er heilt på trynet at det er ei splitta regjering som legg fram forslaget, seier Omar Svendsen-Yagci, på telefon til Framtida.no.

Han er 2. nestleiar i Unge Venstre og er skuffa over Arbeidarpartiet i denne prosessen.

– Ap har vore for feige når dei ikkje har klart å samla regjeringa bak dette og set kvinners rettar på spel. No kjem det til å bli ein stor kamp på Stortinget og uvisse om ein greier å snu dei fem stemmene ein manglar på Stortinget. No er det heilt usikkert kva abortrettar me vil ha i framtida.

Han meiner at fleire Arbeidarpartipolitikarar i valkampen lova å utvida kvinners rettar til abort, men at dei ikkje har vist dette både i det varsla forslaget og då dei stemte imot å utvida retten til sjølvbestemt abort til veke 18.

– No hadde dei høve til å samla ei regjering rundt utvidingane av rettane, men i staden for får me ikkje den styrkinga.

– Det er heilt på trynet når me ser at kvinners rettar og abortrettar i verda er under sterkt press, og så greier me sjølv ikkje her i Noreg å samlast om dette.

Han hadde håpt å sjå ei samla regjering om utviding av abortrettane.

– Sidan eg i utgangspunktet meiner det ikkje bør vera eit politisk spørsmål som skal avgjerast på Stortinget av politikarar, men eit djupt personleg val som kvinner må kunne ta sjølv over eigen kropp og liv. 

Unge Venstres programkomité la nyleg fram sitt forslag til politisk plattform, og eit av forslaga er at ungdomspartiet skal endra dagens standpunkt om fri abort frå veke 18 til veke 22.

– Ap i regjering lek som ein sil

Nils Forren, politisk nestleiar i Senterungdommen

Senterungdommen meiner på si side at Arbeidarpartiet har leke informasjon, og er skuffa over dette.

– Eg er irritert på at Ap klarer å leka sånne ting frå regjering. Dette kan du sitera meg på: Ap i regjering lek som ein sil, seier Nils Forren, politisk nestleiar til Framtida.no på telefon.

Han meiner at det er fint at Senterpartiet held fram tradisjonen om å fristilla politikarane sine i verdispørsmål, og la dei stemma utifrå eiga overtyding.

Senterungdommen har programfesta at dagens abortlovgiving skal ligga fast. Forren forklarar at grunngjevinga er at dagens reglement har stått seg godt over tid, og varetar omsyn til både foster og kvinner.

– No blir det kanskje opna for ei utviding av rettane, sjølv om dei fleste jo allereie får det godkjent. Det eg personleg synest er skummelt, er når kvinners rettar blir eit forhandlingskort. Det eg er uroa for er at ein då kan få ei innskrenking dersom KrF, gud forby, kjem i regjering igjen, avsluttar Forren.

Arbeidarpartiet har fått høve til å svare på kritikken, men svarar at dei ikkje vil kommentera noko før forslaget er lagt fram.