Mange universitet oppfyller ikkje krava i språklova

Universitetet i Oslo, NTNU og Nord universitet er blant universiteta som ikkje oppfyller krava i språklova ifølgje Språkrådet.

NPK-NTB
Publisert

I 2023 var det berre nokre få institusjonar som nådde opp til lovkravet om å bruke minst 25 prosent av kvart skriftspråk – bokmål eller nynorsk. Det viser Språkrådets årlege tilsyn.

– Vekslingstala til institusjonane som gjer det dårleg, viser at dei ikkje tek lovkrava og dei språklege interessene og retten til innbyggjarane på alvor, seier språkdirektør Åse Wetås til Khrono.

Hos NTNU, Universitetet i Oslo og Universitetet i Søraust-Noreg, Noregs miljø- og biovitskaplege universitet, Høgskolen i Innlandet og Arkitektur og designhøgskulen, har språkvekslinga stagnert eller gått tilbake frå 2022 til 2023.

Nord universitet kjem dårlegast ut på statistikken, med berre 3 prosent nynorsk på nettsidene sine.