FIRE-rørsla: Økonomisk fridom eller egoistisk utmelding?
Financial Indepedence, Retire Early, eller FIRE-rørsla gjer at stadig fleire vil spare og investere mest mogleg i ung alder, slik at dei kan slutte å jobbe tidleg i livet. Er det ein god ide? Dette meiner ekspertane.
Du har kanskje lagt merke til dei; influensarane og bloggarane og andre økonomiinteresserte som den siste tida har stått fram og fortalt at dei har som mål å spare så mykje at dei kan slutte og jobbe tidleg i livet?
Ja, og samstundes har du sikkert fått med deg kva fagfolka bak den nye pensjonsreforma seier, om at me alle no må stå i arbeid lenger for å kunne behalde velferdsstaten i framtida?
Kva for konsekvensar vil det då ha, om mange faktisk lukkast i å spare seg til økonomisk fridom og kan leve av avkastningar frå fondssparing, aksjar og utleige i staden for å jobbe?
Pengar vs. arbeidskraft
– Reint økonomisk spelar det jo inga rolle om folk tener pengane sine fort eller sakte – viss dei uansett kan forsørgje seg sjølve. Samfunnet kan trenge arbeidskrafta deira, men dette gjeld så få, at det antakeleg vil vera ubetydeleg, seier siviløkonom og Civita-leiar Kristin Clemet.
Ola Grytten, som er professor i økonomi ved Noregs handelshøgskole i Bergen, meiner også det først er fare på ferde om svært mange kastar seg på trenden:
– Om veldig mange unndreg seg arbeid, blir produksjonen lågare og gjer at det ikkje blir skapt nok verdiar. Då vil også avkastningane på investeringane kunne falle og gå ut over dei same personane som unndreg seg arbeid. Det er for å unngå nettopp dette at vi treng økonomisk berekraftige pensjonar, og det er difor me no må stå i jobb lenger. Samtidig må ein hugse at investeringar gir verdiskaping. Dei som sluttar å jobbe fordi dei har investert, har bidrege til auka økonomiskaping gjennom investeringane. Med det har dei også bidrege til ei berekraftig pensjonsordning.
Også Cathrine Holst, professor i filosofi og demokrati ved UiO, peiker på at konsekvensane avheng av kor mange som vel å leve slik og av skatte- og avgiftssystemet:
– Viss verkeleg mange vel ein slik livs- og sparestrategi, er det avgjerande at dei blir skattlagde ut frå dei politiske måla vi har sett oss i fellesskap; men også i høve til kva som er rettferdig – at ikkje nokon får vere gratispassasjerar og skumme fløyten av at andre jobbar hardt og tek risiko. Ein annan faktor er kva denne gruppa brukar midlane og tida si på. Om dei til dømes bruker mykje tid på å engasjere seg i tilbod for barn og unge eller for fattige, sjuke og eldre, er dette bidrag til felles velferd, sjølv om vår sosialdemokratiske velferdsstatsmodell er tufta på offentlege ytingar og tenester, seier ho.
Kari Østerud leier Kunnskapssenter for lengre arbeidsliv og meiner derimot «tidlegpensjonistane» manglar heilt sentrale perspektiv for korleis eit kollektiv fungerer:
– Ein slik livsstrategi føreset til dømes at ein sparer i aksjar som gir høg avkastning, altså i bedrifter som tener gode pengar. Så kven skal jobbe i desse bedriftene? Viss alle hadde som ambisjon om berre å leve av avkastningar, ville det ikkje eksistert levande verksemder. Då ville det heller ikkje ha vore ei einaste aksje å få kjøpt. Så uansett kor mykje desse folka investerer i samfunnet, er ikkje pengane deira aleine nok om dei sjølv sluttar å jobbe. Skal samfunnet gå rundt, treng me også menneske som faktisk utfører jobbane.
Egoistisk val
Ekspertane er også delte i synet på kva fenomenet med å «melde seg ut» av arbeidslivet så snart ein kan, representerer – og om det i det heile er nokon trend å snakke om:
– Dette gjeld svært få, og kva verdiar det representerer, er nok uklart. Det kan vere individualistisk, men det kan jo også hende at dei prioriterer dei nære tinga, mindre forbruk, meir natur, meir langsamt liv – kva veit eg. Men nokon trend av betydning trur eg ikkje at det er, seier Kristin Clemet.
Økonomiprofessor Ola Grytten trur heller ikkje svaret er svart-kvitt:
– I ein kapitalistisk økonomi står alle fritt til å disponere kapitalen sin og arbeidskrafta si. Og om folk kan pensjonere seg tidleg, har dei jo sannsynlegvis investert i noko lønnsamt for samfunnet, og slik sett bidrege til verdiskaping.
Kari Østerud er ikkje like diplomatisk:
– Ein slik livsstrategi er superegoistisk, fordi heile samfunnet ville kollapsa om alle valte slik. Det betyr også at berre nokre få kan tillate seg å gjere det. Med det sagt, bør me snakke meir om å finne ein sunn balanse mellom arbeid og fritid. Men om forklaringa på trenden er at folk står i så fæle jobbar at dei ikkje heldt ut, er ikkje løysinga å slutte og jobbe, men å byte jobb. Ein må heller ikkje elske jobben sin for å oppleve arbeidet som meiningsfullt. Ein arbeidsplass tilbyr gode kollegaer og moglegheit til å utvikle seg sjølv og bidra. Du kan jo spørje dei som ikkje får jobb, korleis det er å kjenne på at ingen vil ha deg eller har bruk for deg.
Cathrine Holst meiner på si side at det ikkje berre er velferdsstaten vår som kan stå i fare:
– Om mange og stadig fleire har som motiv å «melde seg ut», er det også ei utfordring for demokratiet, som føreset at tilstrekkeleg mange engasjerer seg i politiske diskusjonar og kollektive vedtak. Men motiva kan jo også vere heilt andre. Kanskje ønskjer dei å bruke midlar og fritid til å bidra på måtar som kjem samfunnet generelt til gode?