Politikk og samfunn

«Økonomiske mikroinfluensarar på TikTok skader samfunnet vårt»

Det er ikkje noko gale i å ønske seg eit meir komfortabelt liv. Men frykta for å jobbe må vi få bukt med, skriv Simen Bondevik.

Simen Bondevik (23)
Sentralstyremedlem, Partiet Sentrum
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

«Slik kan du sleppe fri frå rotteracet». «Eg har oppskrifta på korleis du kan få økonomisk fridom og slutte i jobben din». «Dropp åtte til fire-jobben, og ten pengar frå mobilen». Videoane frå økonomiske mikroinfluensarar fyller opp feeden min på TikTok. Og dei får fleire unge menneske med seg. Det synest eg er skikkeleg skummelt.

Adib Waez, også kjent som Mr. Dubai, har vore ein av fleire norske TikTok-influensarar som har løfta fram og profilert eit slikt tankesett. I ein video uttaler Waez for eksempel at vanlege arbeidstakarar, som jobbar i klassiske åtte til fire-jobbar, ikkje er noko anna enn slavar i eit system som berre gir fem vekers ferie tilbake i retur for innsatsen.

Med skarp og tydeleg kommunikasjon spreier Waez og hans likesinna eit knallhardt bodskap. Alle som står i ein vanleg jobb kastar bort livet sitt, får ingenting igjen og er dumme.

quote-left

Det dei tilbyr og sel er eit luftslott som rakkar ned på alle dei som vil bidra til samfunnet gjennom faktisk arbeid

quote-right

Skal vi tru kommentarfelta får bodskapen god respons, spesielt hos gutar i midten av tenåra. Eg trur det er øydeleggjande for samfunnet vårt. Når dette tankesettet får feste seg i stadig større delar av vår unge befolkning, kan det få store negative ringverknader. Det dei tilbyr og sel er eit luftslott som rakkar ned på alle dei som vil bidra til samfunnet gjennom faktisk arbeid.

Noreg manglar tusenvis av sjukepleiarar, lærarar, butikkmedarbeidarar og andre viktige yrkesgrupper. Berre innanfor helse- og omsorgssektoren manglar det 13.000 arbeidstakarar. Då er det provoserande å sjå desse videoane frå norske mikroinfluensarar, som freistar med god betaling for lite arbeid som kan utførast heime i sofaen frå eigen mobil.

La meg setje det på spissen: Om alle hadde sete heime i sin eigen sofa, investert i aksjar på mobilen og selt sjølvhjelpskurs slik Waez gjer og oppfordrar andre til, så hadde ikkje samfunnet gått rundt. Vi hadde ikkje hatt helsearbeidarar som kan ta vare på bestemor på sjukeheimen, lærarar som kan gi borna våre ein trygg oppvekst eller legar som reddar liv som står i fare.

Samfunnet vårt hadde rett og slett ikkje gått rundt.

Denne erkjenninga kjem aldri Waez og hans likesinna med. Dei undergrev viktigheita av «vanlege» jobbar, og gjer at mange unge menneske blir lurte ut av det ordinære arbeidslivet i søken etter meir luksus og høgare løn for lågare arbeidsinnsats.

Mr Dubai er ein av fleire påverkarar som fokuserer på det å tene lettvinte pengar. | Skjermdump: @adibwaezz

Eg kan forstå kor freistande den påståtte økonomiske fridomen kan verke. Men med dette sterke individualistiske fokuset på å tene lettvinte pengar og jobbe så lite som mogleg, trur eg vi står i fare for å miste noko av det viktigaste vi har i samfunnet vårt: samhald, fellesskap og tanken om at vi alle bidreg inn i samfunnet med det vi kan og har moglegheit til.

Det er ikkje noko gale i å ønske seg eit meir komfortabelt liv. Men frykta for å jobbe må vi få bukt med.

quote-left

Vi må verdsette hardt arbeid og understreke viktigheita av å bidra til samfunnet.

quote-right

Kva kan vi eigentleg gjere for å stoppe denne trenden? Eg trur dei av oss som høyrer til mi generasjon har ein stor jobb å gjere med å løfte fram fellesskapsverdiane. Vi må verdsette hardt arbeid og understreke viktigheita av å bidra til samfunnet.

Kanskje leitinga etter lettvinte løysingar også er eit uttrykk for manglande framtidstru? Influensarar som Waez må uansett ansvarleggjerast for haldningane dei spreier.

Politikarane må også melde seg på denne debatten. Dette handlar om kva slags samfunn vi ønskjer oss dei neste tiåra. Både gjennom ord og handling må hardt arbeid i «ordinære stillingar» verdsetjast og lønnast. Retninga Waez og andre likesinna mikroinfluensarar peikar ut for samfunnet vårt må stoppast før det er for seint.

Unge menneske må få tydelege motførestellingar i møte med spinnville illusjonar om at ein ikkje må jobbe for løna si.