Store dataproblem under eksamen på vidaregåande
Det oppstod fleire dataproblem under eksamen for vidaregåande elevar onsdag. Tekstar vart sletta og rekneprogrammet er ute av drift.

Utdanningsdirektoratet publiserte onsdag ei melding om at det var problem med både skrive- og rekneprogramma til Mac-brukarane.
Programma fraus fleire gonger gjennom eksamensdagen, melder Aftenposten. Då programmet byrja å verke igjen, var delar av teksten borte.
Rektor ved Elvebakken vidaregåande skule i Oslo, Espen Rueness, seier omfanget av eksamenskaoset er større enn det meldinga frå Utdanningsdirektoratet tilseier.
Forventa ikkje problem
– No har eg jobba med eksamensavvikling i 20 års tid, og det verkar tydeleg for meg at eksamen i dagens form ikkje er gjennomførbar, seier Rueness til avisa.
For berre to dagar sidan sa avdelingsleiar i Utdanningsdirektoratet, Per Kristian Larsen-Evjen, til NRK at dei hadde kontroll.
– Problema vi hadde på norskeksamen i fjor kom av ein feil hos ein av leverandørane våre. Vi forventar ikkje å ha slike problem i år, sa han.
● Les også: Udir endra sidemålseksamen – positivt overraska
Reserveløysing
I fjor vart tusenvis av elevar ramma då Utdanningsdirektoratets nettsider, der elevane måtte logge inn for å laste ned oppgåver, krasja.
I Møre- og Romsdal oppstod det problem med internettilgangen, noko som førte til at alle eksamenane i norsk i fylket måtte strykast.
Utdanningsdirektoratet har i år trykt opp papirutgåver av eksamensoppgåvene i norsk og enkelte andre fag, som ei reserveløysing viss det skulle oppstå tekniske problem igjen, ifølgje rikskringkastaren.
● Les også: Noa (18) om eksamenstrøbbel: – Ganske stressande