Vil la barn klage på brot på FNs barnekonvensjon: – Ingenting å frykte

Ungdomsorganisasjonen Press er skuffa over at Noreg ikkje har blitt med på klageordninga til FNs barnekomité.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

Denne saka er ein del av prosjektet «Ein menneskerett – FNs verdserklæring om menneskerettane 75 år». Prosjektet er gjennomført i samband med Framtida Junior med støtte frå Fritt Ord. Ein versjon av saka vart først publisert av Framtida Junior.

Barnekonvensjonen er ein avtale som gir barn i heile verda ekstra vern og dei same grunnleggjande rettane. Avtalen blei vedtatt av FN i 1989. Noreg har slutta seg til avtalen, og barnerettane er ein del av norsk lov.

Men Noreg har sagt nei til å vere med på ei ordning som gir barn rett til å klage til FN sin barnekomité dersom rettane deira blir brotne. Norske styresmakter meiner denne tilleggsprotokollen er unødvendig, fordi menneskerettane allereie er godt verna i Noreg.

– Uheldig

Press – Redd Barna Ungdom er ueinige. Dei meiner Noreg framleis har ein veg å gå for å sikre at alle barn i Noreg får rettane sine innfridd, og at det sender eit uheldig signal til andre land.

– Noreg har tradisjonelt vore eit føregangsland for barns rettar. Vi har gjort barnekonvensjonen til ein del av norsk lov, vi hadde verdas første barneombod og har eigen barneminister, skriv Maja Enerhaug Egge i Press til Framtida.

Vil ha rett til å klage

– Vi har ingenting å frykte ved å binde oss til tilleggsprotokollen. Viss Noreg ikkje bryt barnekonvensjonen, vil det heller ikkje vere nødvendig for norske barn å klage til FNs barnekomité, påpeiker ho.

– Kvifor er denne klageordninga viktig? 

– Barn er ei heilt spesiell gruppe, og det er derfor dei har fått eit sett med heilt eigne rettar. Derfor er det berre ei eiga klageordning for desse rettane som kan gi barn moglegheit til å klage over brot på dei unike rettane deira.

Vart stemt ned

I 2022 vart eit forslag om ratifisering av denne tilleggsprotokollen handsama i Stortinget.

Barne-, og familiedepartementet og Utanriksdepartementet avrådde då tilslutning til forslaget, og det vart stemt ned av fleirtalet i Stortinget. Det er ingen pågåande prosess på dette no, opplyser Barne- og familiedepartementet til Framtida.no.

– Eit sentralt argument mot tilslutning til individklageordninga, er at konvensjonsreglane pålegg statane vage og målsetjingsprega forpliktingar. Det er også uklart kor stor vekt norske domstolar vil leggje på avgjerdene til komiteen, og at tung vekt på avgjerdene kan føre til ei rettsleggjering av politiske spørsmål, skriv departementet på e-post.

Barne- og familiedepartementet opplyser at dei i samarbeid med andre departement har kartlagt høva barn har til å klage på felta sine. Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) fekk i 2023 i oppdrag å forbetre informasjonen til barn og unge om retten til å klage i einskildsaker og å nytte Digiung-samarbeidet til å samle informasjon om barn og unge sine klageordningar på ung.no.

– Arbeidet med høva barn har til å klage er i gang, og departementet vil orientere Stortinget om den vidare oppfølginga av vedtaket på eigna vis.