Regjeringa vil styrkje rettane til folk med funksjonsnedsetjing

Regjeringa vil inkorporere FN-konvensjonen om rettane til menneske med nedsett funksjonsevne i norsk lov. – Endeleg får funksjonshemma det same menneskerettslege vernet som andre minoritetar i Noreg, seier NIM.

NPK-NTB/Ingvild E. Leirfall
Publisert

Fungerande direktør Gro Nystuen. Foto: Hanna Johre.

– Dette er verkeleg ein gledas dag. Funksjonshemma menneskerettar vil no få større gjennomslag.

Det seier Gro Nystuen, fungerande direktør i NIM (Norges institusjon for menneskerettigheter), i ei pressemelding.

– Endeleg får funksjonshemma det same menneskerettslege vernet som andre minoritetar i Noreg.

Større gjennomslagskraft

– Dette vil vere ein av dei tinga eg er stolt over å ha fått til, sa statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) då han kunngjorde nyheita i lokala til Norges Handikapforbund onsdag ettermiddag

Konvensjonen har vore bindande for Noreg sidan 2013 med forpliktingar i norsk lov.

Men med denne inkorporeringa i menneskerettslova vil den reelle betydninga av konvensjonen likevel styrkjast, og han vil få større gjennomslagskraft, ifølgje regjeringa.

– Endeleg skal denne siste viktige konvensjonen inn i lovverket vårt, seier justisminister Astri Aas-Hansen, som legg til at ho som fersk minister ikkje skal ha noko av æra for at regjeringa no legg fram dette lovforslaget.

Skal forme lovforslaget

No startar arbeidet med å forme ut lovforslaget og å få sendt det over til Stortinget snarast mogleg.

– Arbeidet med inkorporering er eit stort arbeid. No skal vi jobbe så fort vi berre kan for å komme i mål. Eg veit at mange synest dette har teke lang tid, men eg har aldri tvilt på at vi skulle få det til. Dette er så viktig for så mange menneske i landet vårt, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery.

Vil styrke CRPD i praksis

– Inkorporering vil vere eigna til å auke medvitet og merksemda om konvensjonen i offentlege organ, og på den måten bidra til å styrke gjennomføringa av CRPD i praksis, seier Nystuen i NIM.