Helseministeren lovar evaluering av «Ikkje møtt»-gebyr i år

Reidun Johansen Bergland (23) synest det er bra med evaluering, men saknar handling i dyrtida.

Åshild Slåen, Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

– Eg er ikkje overraska over svaret som kom. Men eg saknar litt viljen og evna til å ta tak i ting med ein gong.

Reidun Bergland (23) syntest gebyret ho måtte ut med for å avbestilla helsekonsultasjon kort tid i førevegen er for høgt. Foto: Privat

Det seier Reidun Johansen Bergland på telefon til Framtida etter å ha lest det skriftlege svaret som helseminister Ingvild Kjerkol har gitt i saka hennar.

Førre veke publiserte Framtida.no eit intervju med Johansen Bergland, som fekk eit Vipps-krav på over 1500 kroner etter å ha avlyst ein sjukehustime då ho var sjuk.

Ho reagerte på kor dyrt det var, og korleis helseføretaket svarte ho om gebyret. Dei sa blant anna at dei hadde stramma inn rutinane, fordi dei opplevde at fleire lyg om å vere sjuke for å sleppe gebyr.

Skriftlege spørsmål og svar i Stortinget

Ein annan som reagerte var stortingsrepresentant Marian Hussein (SV). Ho stilte skriftleg spørsmål til helseministeren om det var greitt at helseføretak meiner pasientar lyg og når Helse- og omsorgsdepartementet kom til å evaluere gebyrordninga, slik dei tidlegare har sagt at dei skal gjere.

(Du kan lese det fullstendig spørsmålet og svaret frå helseministeren nedst i saka.)

No har helseministeren svara på spørsmålet. Kjerkol skriv at ho ikkje kan uttale seg spesifikt om saka til Johansen Bergland.

– Men på generelt grunnlag synast eg sjølvsagt ikkje at det ville vere greitt dersom helseføretaka skulle mistenke pasientane for å lyge.

Når det kjem til evaluering av ordninga, lovar ho at det er på veg.

– Det blir teke sikte på at evalueringa av gebyrordninga skal vere ferdig innan utgangen av året, skriv ho.

Dersom ordninga skal endrast understrekar ho at det må skje etter ei slik evaluering.

Råkar kronikarar

– Eg tenkjer det er bra at stortingspolitikarane tek tak i det og ser korleis me blir behandla i systemet. Eg trur det er svært viktig fordi det famnar svært mange, seier Johansen Bergland.

Ho er sjølv politisk aktiv og er for første gong vald inn som vararepresentant for kommunestyret i Karmøy for partiet Raudt.

23-åringen peikar på at problematikken med «Ikkje møtt»-gebyr er svært relevant både for diabetikarar og andre kronikarar.

Ho tykkjer det er bra at ordninga skal evaluerast, men peikar på at me er inne i ei dyrtid og at mange kan oppleva at rekningane hopar seg opp innan nyttår.

– Kronisk sjuke folk er meir utsette for depresjon og høge kostnadar kan vera ein medverkande faktor, understrekar ho.

– For dumt å skulde på pasienten

Ho håpar resultatet av evalueringa vert at gebyret vert lågare enn det er i dag.

– No er me jo som sagt inne i denne tida og eg forstår at sjukehusa har store kostnadar og må finne pengar. Men det er andre måtar å spara inn kostnadar på enn å rana pasientane. Eg forstår at eg måtte betala, så det er ikkje det som er problemet. Problemet var måten eg vart møtt på, som opplevdest som respektlaus og med lite forståing.

Bergland har framleis ikkje klaga på gebyret frå Helse Fonna, fordi ho ikkje har funne ut av korleis ein gjer det. Ho meiner at systemet er for byråkratisk og etterlyser betre informasjon både i forkant og etterkant.

– Dei sjukehusa som er veldig strenge bør kanskje gje tydelegare beskjed om korleis leggje til rette med til dømes digitale timar. Det blir for dumt å skulde på pasienten.

Spørsmål og svar frå Marian Hussein (SV) og helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol

Spørsmål:

Marian Hussein (SV): I Framtida.no, ei nyhende- og debattavis for unge, kan vi lese om Reidun som vert pålagd å betale ikkje møtt-gebyr, trass i at ho har gitt beskjed om at ho er sjuk. Meiner statsråden det er greitt at helseføretaka trur pasientane lyg for å sleppe gebyr, og når vil vi få ei evaluering av ordninga slik det fleire gongar er blitt lova?

 

Svar:

Ingvild Kjerkol: Kommunikasjonssjefen ved det aktuelle helseføretaket siterast i Framtida.no på «at det er vanskeleg å kommentera denne saka spesielt, og kva som skal ha blitt sagt i ein telefonsamtale.» Eg kan også vanskeleg uttale meg om den aktuelle saka, men på generelt grunnlag synast eg sjølvsagt ikkje at det ville vere greitt dersom helseføretaka skulle mistenke pasientane for å lyge. Det blir teke sikte på at evalueringa av gebyrordninga skal vere ferdig innan utgangen av året. Eventuelle endringar i ordninga må vurderast i etterkant av det.

Kjelde: Stortinget