Vil droppe eksamen i 10.-klasse
For at elevane skal trivast betre og lære meir på skulen, foreslår eit ekspertutval å avvikle eksamen i grunnskulen og slutte med nasjonale prøver.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Måndag overrekte eit regjeringsoppnemnt utval som har sett på kvalitetsutvikling i skulen, rapporten sin til kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap).
Dei foreslår mellom anna å avvikle munnleg og skriftleg eksamen i grunnskulen, altså for tiandeklassingar.
Dét med føresetnad om at det er etablert «varige strukturer for lærernes arbeid med standpunktvurdering».
I tillegg foreslår utvalet å avvikle nasjonale prøver. Desse prøvene har vorte kritiserte sidan dei kom i 2004, mellom anna frå Utdanningsforbundet.
Eitt av hovudgrepa utvalet foreslår, er å forskriftsfeste at det skal vere jamlege kvalitetsdialogar mellom kommunar, fylkeskommunar og skular.
– Det er viktig at vi har eit system som fungerer for både skular og kommunar i arbeidet med det breie mandatet til skulen. Utvalet foreslår derfor eit nytt system for kvalitetsutvikling som legg vekt på samarbeid og dialog mellom alle aktørane, seier utvalsleiar Tine S. Prøitz.