Greta Thunberg dømt for ny klimaaksjon

Klimaaktivisten vart dømt for sivil ulydnad og må no betala 90 dagsbøter på 50 svenske kroner og dessutan 1000 kroner til eit offerfond.

Marie Knutsen Bruntveit
Publisert

Onsdag møtte Greta Thunberg (20) i Malmö Tingrett. Aktivisten var sikta for sivil ulydnad under ein demonstrasjon mot fossilindustrien i Malmö i juli.

I retten innrømma ho at ho ikkje hadde lytta til politiet, men nekta straffskuld.

– Handlinga mi må vera fri frå straff fordi planeten er i naud. Dei som forårsakar klimakrisa, er dei me blokkerte. Handlingane mine var forsvarlege, sa Thunberg.

Thunberg må no betala 50 dagsbøter på 90 svenske kroner (SEK), og dessutan 1000 svenske kroner til eit fond som skal sikra betre vern for offer for kriminalitet. I alt svarar bøtene til 5500 svenske kroner, skriv Aftonbladet.

– Dommen viser ganske tydeleg feila i systemet vårt når det er dei som forsøker å forsvara menneskje og planeten som må takla desse juridiske konsekvensane, sa Thunberg i ein pressekonferanse etter dommen.

Aktivisten kjem ikkje til å anka straffa.

Andre dom på kort tid

Seinast i juli i år vart Thunberg dømt for sivil ulydnad for ein aksjon som fann stad i Malmö i juni.

Saman med gruppa «Ta tillbaka framtiden» blokkerte Thunberg eit hamneområde i Malmö. Om lag 30 tankbilar vart stogga av aksjonen, som gjekk over fleire dagar. Den gong måtte ho legga ut 2500 svenske kroner.

Etter rettssaka i juli gjekk Thunberg og «Ta tillbaka framtiden» tilbake til hamna for å halda fram med demonstrasjonane. Det er saka som gjekk til tingretten denne veka.

Høgare strafferamme

Thunberg fekk bøter denne gongen òg, men strafferamma vart tydeleg høgna. Dommar i saka, Johan Kvart skriv i ei pressemelding at fengselsstraff var på bordet denne gongen.

– Det er eit ganske openbert tilbakefall, og ei forakt for lovar og reglar, sa aktor Jörgen Larsson, som kravde dagsbøter for Thunberg.

Kvart skriv at strafferamma blei høgna denne gongen nettopp fordi Thunberg gjorde seg skuldig i lovbrotet same dag som førre dom vart lagt.

Torsdag kom Thunberg til Oslo for å aksjonera saman med NSR-Ungdom og Natur og Ungdom for riving av vindparken på Fosen.