Press kritiserer kutt i kvoteflyktningar: – Grov ansvarsfråskriving
Press meiner barn med særleg behov for beskyttelse blir nedprioriterte i årets statsbudsjett. Dei får støtte av Sosialistisk Ungdom.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Staten har eit særskilt ansvar for å sikre at Noreg blir verande ei trygg hamn i ei usikker verd og at det blir prioritert nok ressursar for å sikre at barn på flukt får omsorga dei har rett på.
Det uttalar Maja Enerhaug Egge, leiaren av Press – Redd Barna Ungdom, i ei pressemelding.
Organisasjonen meiner at årets statsbudsjettet rammar skeivt. Dei reagerer på at regjeringa kuttar i talet på kvoteflyktningar samstundes som det er fleire på flukt både i Europa og resten av verda enn nokosinne.
Press trekker fram at kvoteflyktningar allereie i fjor blei redusert frå 3000 til 2000, og at dei i år igjen blir halvert til 1000.
– Kuttet i talet på kvoteflyktningar er ei grov ansvarsfråskriving og viser ei regjering på feil spor i asyldebatten.
Skal gå til flyktningar som har kome
Reduksjonen i kvoteflyktningar vil frigjere om lag 164,7 millionar kroner i 2024, og samla om lag 3 milliardar kroner i perioden 2025–2028.
Desse pengane skal mellom anna bli brukt til å betale for flyktningar som allereie er komne og som er venta å kome det neste året, skriv dei. I statsbudsjettet legg dei til grunn at det vil kome om lag 20 000 flyktningar frå Ukraina og 5000 asylsøkjarar frå andre land i 2024.
– Skjønnar ikkje logikken
Internasjonal leiar i Sosialistisk Ungdom (SU), Kaja Yngsdal Hilleren, er skuffa over kutta, sjølv om det var venta.
– Det viser at regjeringa ikkje viser solidaritet med menneske på flukt, seier ho til Dagsavisen.
Regjeringa må forhandle med samarbeidspartiet Sosialistisk Venstreparti (SV) for å få gjennomslag for budsjettet sitt. SU-politikaren meiner at kvoteflyktningar bør vere noko SV prioriterer i forhandlingane.
– Kuttet i fjor var ille nok. Eg skjønnar ikkje logikken, for sjølv om ukrainarar er på flukt, så lid ikkje andre flyktningar noko mindre av den grunn. FN ber oss om å ta 5000 kvoteflyktningar, og det bør vi innfri, seier ho til avisa.
● Les også: Dette betyr statsbudsjettet for deg som ung