Palestinske gjestar til SU sin sommarleir vart nekta visum

– Noreg kan ikkje bidra til å hermetisk lukke Palestina, seier SU-leiar Audun Hammer Hovda.

Åshild Slåen
Publisert

– Eg vart sjokkert over avslaget. Eg sende inn alle naudsynte dokument, inkludert returflyvingar og bevis på at eg er i jobb.

Det seier palestinske Mariam Dawoud til NRK, som var dei fyrste til å omtale saka.

Dawoud er frå Vestbreidda, og har besøkt Schengen-området tidlegare, men fekk ikkje visum denne gongen. Ho var ein av tre palestinarar inviterte til Sosialistisk Ungdom (SU) sin sommarleir, som vart arrangert førre veke, og som fekk avslag frå UDI.

Frode Mortensen, einingsleiaren i UDI Opphald, seier til kringkastaren at regelverket ikkje er stramma inn på grunn av situasjonen på Vestbreidda, men at det generelt er vanskeleg for palestinske borgarar å få visum. Det blir rekna som høgt sannsynleg at dei vil utvandre til eit Schengen-land, og hamnar difor i raud gruppe, som får meir avslag.

Det reagerer SU-leiar Audun Hammer Hovda på.

– Erfaringsutveksling på tvers av landegrenser er noko av det viktigaste og mest meiningsfulle vi gjer, som UDI no effektivt set ein stoppar for, skriv han på Instagramkontoen-sin.

– Noreg kan ikkje bidra til å hermetisk lukke Palestina, spesielt ikkje i ei tid der internasjonal solidaritet er viktigare enn nokosinne, skriv han vidare.

Til NRK seier han at han ikkje har hatt problem med å få visum for ukrainske gjestar til sommarleiren.

SU-leiar Audun Hammer Hovda var til stades på sommarleiren på Utøya førre veke. | Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg