Økonomi:

Dette betyr statsbudsjettet for deg som ung

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

Fredag 6. oktober kl. 9.00 la finansminister Trygve Slagsvold Vedum fram regjeringa sitt forslag til statsbudsjett for 2024.

Regjeringa vil bruka 409,8 milliardar kroner frå Oljefondet. Det er ein rekordhøg oljepengebruk, men regjeringa brukar berre 2,7 prosent av Oljefondet og held seg innafor handlingsregelen på 3 prosent.

Her er nokre av dei viktigaste endringane for deg som er ung:

 

Illustrasjonsfoto: CDC, Unsplash.com

Grunnskule

  • 35 millionar kroner mot mobbing i skulen, fordelt slik
    • 15 millionar kroner til regionale og lokale ressursar som skal støtta skulane
    • 10 millionar kroner til styrking av læringsmiljøprosjektet
    • 10 millionar kroner til statsforvaltarane for å bahnadla fleire skulemiljøsaker
  • 120 millionar kroner til praktisk utstyr i klasseromma
  • 51 millionar mindre til privatskular årleg fram mot 2028

 

Yrkesfag, Kuben vidaregåande. Foto: Beate Haugtrø | Illustrasjonsfoto: Beate Haugtrø

Vidaregåande skule og fråfall

  • 60 millionar kroner til auke i bortebuarstipend på 600 kroner i månaden
  • 40 millionar kroner til auke i utstyrsstipendet på rundt 220 kroner
  • 380 millionar til ungdomsgarantien frå NAV.

 

Illustrasjonsbilete: Cottonbros studio, Pexels.com

Forsking og høgare utdanning

  • 1 milliard til forsking på KI (kunstig intelligens).
  • 178 millionar til byggestart på NTNU sin nye campus, som har ein kostnad på 6,6 milliardar kroner.
  • 33,3 millionar til 66 nye LIS1-stillingar for legar (tidlegare turnusteneste).
    • Kring halvparten av desse stillingane er reversering av fjorårets
  • 23 millionar kroner til 500 fleire fagsk1,1 millionar til oppretting av bachelorutdanning i folkedans ved Universitetet i Søraust-Noreg
  • Studiestøtta aukar med 3,8 prosent frå 2024-2025, noko som svarar til 5200 kroner årleg.
    • I fjor vart regjeringa einige med SV om å auka studiestøtta for 2023-2024 med 7 prosent, eller 9022 kroner årleg.

 

Foto: Andrea Rygg Nøttveit

Helse og omsorg

  • Høgare eigendel på helsetenester
    • Eigendelen ved besøk til lege, psykolog, fysioterapi og poliklinikk aukar med 4,35 prosent.
  • 150 millionar kroner til fleire lågterskeltilbod for psykisk helse.
  • Høgare avgifter på tobakk og alkohol.
    • Avgifta på snus aukar med 4,3 prosent
    • Avgifta på sigarettar og sigarar aukar med 4 prosent
    • Alkoholavgifta augar med 3,8 prosent