Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Våre lokale aktivistar og eldsjeler i både lokallag og medlemsorganisasjonar er grunnsteinen i SAIH. For dei håpar eg at eg kan vere ein engasjerande leiar som greier å få med og aktivisere alle delar av organisasjonen.
Selma Bratberg (27) har teke over som leiar for SAIH – Studentenes og Akademikernes Internasjonale Hjelpefond. Ho vil vere ein tydeleg og strategisk leiar som jobbar for overordna mål, samstundes som ho er tilgjengeleg for grasrota i organisasjonen.
– Eg veit ikkje om eg har noko førebilete, men det har vore mange gode SAIH-leiarar før meg som eg tar med nyttig lærdom frå, skriv den nye leiaren i ein e-post til Framtida.no.
USA-utveksling
På vidaregåande tok Bratberg realfag og planla å bli veterinær. Ho var eigentleg ikkje så opptatt av samfunnsfag og politikk, men så reiste ho på utveksling til USA.
– Eg syntest det var spanande å oppleve og forsøke å forstå meg på eit samfunn, og ikkje minst folk, som var annleis enn meg og det eg var vand til. Det var nok her det starta, og så var det på folkehøgskule eg verkeleg fekk auga opp for internasjonale spørsmål og global rettferd.
Ho gjekk på Sund Folkehøgskole, der ho møtte andre engasjerte unge, diskuterte politikk, arrangerte klimaaksjon og reiste to månader til Guatemala.
Då Bratberg seinare byrja på ein bachelor i utviklingsstudium ved OsloMet, var det soleklart at ho skulle engasjere seg i ein organisasjon. Valet fall på SAIH.
– I tillegg til at eg finn SAIH sine kampsaker som veldig meiningsfulle å jobbe for, var også det sosiale ein viktig grunn til at eg heldt fram å engasjere meg i organisasjonen!
Hjartesaker
Ei av hjartesakene til den nye SAIH-leiaren er gratis utdanning. Ho meiner gratisprinsippet ikkje skal gjelde berre grunnskulen, men også må sikrast for høgare utdanning.
Vidare er ho oppteken av at høgare utdanningsinstitusjonar må respektere og ta vare på ulike grupper og deira behov, språk, kultur og tradisjonar.
Bratberg brenn òg for ungdomsmedverknad.
– Vi må sikre unge reell medverknad i politiske prosessar, men også sørgje for at studentar og andre unge kan uttale seg fritt i offentlegheita, utan å få hatmeldingar slik mange opplever her i Noreg, og utan å risikere fengselsstraff og forfølging slik mange opplever globalt.
Nøkkelen er tilgang til utdanning
For Selma Bratberg er idealsamfunnet eit samfunn der alle har tilgang til inkluderande og god utdanning i ei verd med rettferdig fordeling, demokrati og menneskerettar.
– Dette når vi jo ikkje over natta, men oppnår vi det første trur eg vi også oppnår det andre. Nøkkelen er difor å sikre at alle har tilgang til utdanning, også høgare utdanning, og at den utdanninga er inkluderande og av god kvalitet.
Ho meiner det offentlege må vere den viktigaste tilbydaren av utdanning, at vi må ha gode stipend- og låneordningar og at inga utdanning skal bli driven med mål om profitt.
I tillegg etterlyser ho eit spesielt fokus på historisk mar
ginaliserte grupper, slik som urfolk, LHBT+-personar, etniske minoritetar og kvinner.
– Dessutan må vi verne om akademisk fridom. Utan akademisk fridom mistar vi kritiske stemmer og står i fare for å skape institusjonar som fungerer som propagandamaskiner for eit lands leiarar.
Studentar går fremst
Hjartesakene til Bratberg er òg saker som vil vere viktige for SAIH i det komande året. Ei av hovudprioriteringane til SAIH er å jobbe for meir dokumentasjon av åtak på studentaktivisme og for fleire og betre mekanismar for å verne studentar og andre menneskerettsforkjemparar.
– Vi ser at autoritære krefter er på frammarsj globalt, seier 27-åringen, og viser til V-dem sin Democracy Report frå 2022.
Ifølgje rapporten lever 70 prosent av verdas befolkning i eit autokrati. Dette talet var 49 prosent i 2011.
– Dette er ei skremmande utvikling, og ei av dei fremste kreftene mot denne utviklinga er nettopp studentar. Gong på gong gjennom historia har vi sett at studentar går fremst i kampen for demokrati og menneskerettar. For den kampen betalar mange ein høg pris. Vi ser at studentar som protesterer fredeleg og stiller kritiske spørsmål blir utsette for overvaking, arrestasjonar og forfølging.
Gratisprinsippet
Ei anna viktig sak for SAIH i 2023, er å sikre gode stipendordningar for internasjonale studentar som kjem til Noreg. Dei jobbar saman med partnarar internasjonalt mot auke av skulepengar og for stipendordningar i land som Colombia, Zimbabwe og Zambia.
– Gratisprinsippet er jo eit omgrep som har blitt godt kjent i Noreg den siste tida, og, slik som departementet også har uttalt fleire gonger, har nettopp dette prinsippet vore ganske unikt for Noreg. Vi meiner at dette burde vore eit argument for å bevare prinsippet om gratis utdanning, også for internasjonale studentar, ikkje det motsette som vi no har sett.
Å sikre at utdanninga er relevant og utan diskriminering er ei anna viktig prioritering for organisasjonen.
– Difor jobbar vi saman med partnarar særleg opp mot lærarar og lærarstudentar for å styrke lærarutdanningane, men også opp mot studentar på tvers av ulike studieretningar ved å drive opplæring om inkluderande språk og rettar.
Strikking og Instagram
Selma Bratberg trekker fram Instagram som den største tidstjuven i kvardagen hennar, sjølv om ho prøver å kutte ned på tida ho bruker i appen. Fritida blir elles brukt tid mindre digitale aktivitetar.
– I fare for å høyre ut som ei bestemor: Eg likar godt å lese, strikke, brodere og sy. Men eg likar også å sykle! Sånn på sti i skogen.
SAIH-leiaren held seg oppdatert ved å høyre på podkast og radio. Om morgonen høyrer ho ofte på Nyhetsmorgen på radioen. Elles høyrer ho mellom anna på Politisk kvarter og Aftenpodden, les nettaviser og prøver å følgje med på aktuelle diskusjonar på Twitter, eller X som det no heiter.
– Du vaknar opp i morgon til di draumenyheit: Kva er overskrifta?
– «Sandra Borch avlyser innføringa av skulepengar for internasjonale studentar».
Paulo Freire
Dersom SAIH-leiaren kunne invitere ein valfri gjest på middag, ville ho invitert den brasilianske pedagogen Paulo Freire.
– Han er eit stort førebilete for oss i SAIH og vårt motto «utdanning for frigjering» er inspirert av hans pedagogikk. Tanken er at ein gjennom god utdanning får verktøy for kritisk og konstruktiv tenking – og blir i stand til å forstå strukturane ein lever i, for så å kunne frigjere seg sjølv og samfunnet ein lever i, forklarar ho.
Selma synest det hadde vore spanande å diskutere desse tinga vidare med han, og få høyre hans tankar om dagens utvikling av utdanningsfeltet globalt.
– Og forhåpentlegvis hadde han vore lettare å forstå munnleg enn skriftleg, hehe.
Om han kom på besøk, hadde Bratberg diska opp med favorittane sine.
– Er det lov å hoppe rett til desserten? I så fall hadde eg servert heimelaga karamellpudding etter mormor si oppskrift, den er så god! Eller pasta. Eg er veldig glad i pasta!
– Kva for ei bok burde alle lese?
– Blei akkurat ferdig med The Last Colony av Philippe Sands. Den synest eg alle burde lese! Øygruppa Chagos i Det indiske hav er ein britisk koloni. På 1970-talet blei heile befolkninga tvangsflytta fordi ei av øyene skulle lånast ut som militærbase til USA. Boka handlar om Chagosianaranes kamp for rettferd. Trur ikkje eg er den einaste som ikkje hadde høyrt om dette før, så dette er ei sak som burde bli betre kjent!
– Kva serie er ditt beste tips akkurat no?
– Eg blei akkurat ferdig med The Diplomat, kan anbefale den! Spanande politisk handling, men også morosam og underhaldande. Og fun fact: Chagos-øya med den amerikanske militærbasen blir nemnt i serien!
– Kva låt får deg alltid i godt humør?
– Vanskeleg å velje éin låt, men Veronica Maggio får meg ofte i godt humør.
Fakta
Alder: 27
Personleg pronomen: Ho/henne
Frå: Lillehammer
Yrke/utdanning: Utviklingsstudium
Favorittfag på skulen: Biologi
Ulike verv: Lokallagsleiar i SAIH Bislet, gruppeleiar for journalistgruppa i Verdens Beste Nyheter, Nestleiar i SAIH (for å nemne noko)
Autokrati
Autokrati er styreformer der mesteparten av den politiske makta er samla i hendene på ein enkeltperson eller ei forholdsvis lita gruppe, med forholdsvis få konstitusjonelle eller institusjonelle avgrensingar på korleis makta blir utøvd.
Kjelde: Store Norske Leksikon