Colombiansk ungdom kjempar for ei framtid fri for vald og diskriminering: – Eg har håp!

Edith Meek Allern
Publisert

Tolken begynner med eit atterhald:

– Dei er prega. Det har vore mange drap i det siste.

Natt til dagen vi møtest, er ein tidlegare leiar i Marcela (23) sin organisasjon blitt skoten og drepen.

– Alt for mange liv, har vi mista. I dag kan vi gravleggje endå ein, seier Marcela.

Saman med Jherson (23) og Jeison (21) er ho i Noreg på vegner av colombianske ungdomsorganisasjonar.

Marcela er frå urfolksorganisasjonen CRIC Jóvenes, Jherson er også frå ein urfolksorganisasjon, Movimiento Juvenil Álvaro Ulcue Chocué, og Jeison er frå den afrocolombianske organisasjonen PCN.

Dei arbeider for ei anna framtid og samtid for Colombia. Fri for vald, tvangsrekruttering til væpna grupper og diskriminering av urfolk og afrocolombianarar. 

Saman med Operasjon Dagsverk og SAIH vil dei få unge ut av skotsona.

Operasjon Dagsverk 2023 skal støtte ungdom i Colombia. Prosjektet heiter «Ungdom ut av skotlinja» og blir leia av Studentenes og Akademikernes Internasjonale Hjelpefond (SAIH). I samband med dette har tre av dei colombianske organisasjonane dei samarbeider med kome til Noreg. Frå venstre: Jherson (Movimiento Juvenil Álvaro Ulcue Chocué), Jeison (PCN) og Marcela (CRIC).

I skotsona mellom gerilja, politi og narkotikakartell

Colombia har vore prega av konflikt i fleire tiår. 

I 1948 til 1958 var det borgarkrig mellom liberale og konservative elitar. Krigen enda då dei blei einige om å styre saman, men då forbaud dei samstundes all opposisjon.

I 1964 braut det ut borgarkrig på nytt, der dei største geriljagruppene, Colombias revolusjonære væpna styrkar (FARC) og Den nasjonale frigjeringshæren (ELN), ønska regimeskifte og demokratisk styring.

Det vart ikkje fredsavtale før 2016. Likevel er det langt frå fredelege tilhøve.

– Fredsavtala hjelpte litt med å dempe valden frå dei væpna gruppene, men berre litt, fortel Marcela.

– Med ein gong folk skjønte at avtala ikkje blei implementert, tok FARC-medlem og soldatar våpena tilbake. Denne gongen utan å ha noka politisk plattform. No har dei berre våpen, og kjem seg ikkje ut av det. 

Colombia er rekna som eit av dei farlegaste landa i verda for klima- og menneskerettsaktivistar, og fjor sjokkerte drapet på ein 14 år gamal klimaaktivist frå Nasa-folket verda. 

Det gjer det ikkje enkelt å arbeide politisk. No har landet for første gong fått ei regjering frå venstresida. Alle tidlegare kandidatar har blitt drepne og den sitjande presidenten dreiv valkamp bak skotsikre skjold

Væpna konflikt er heller ikkje det einaste som råkar regionen og ungdommen.

Det gjer også narkotikaproblematikken. 

I området Jherson og Marcela er frå og organisasjonane deira arbeider, nordleg-Cauca, blir det dyrka det svært mykje marihuana- og kokaplantar.

– Smuglarutene går rett gjennom territoria til urfolk. Det er difor vi seier at vi er i skotsona, forklarar Jherson.

– Det er dei som blir funne i elver

Ungdom er særleg utsette i konfliktane. 

– Det er dei som blir tvangsrekrutterte. Det er dei som oftast blir funne drepne på gata, etterlatne i elver, seier Jherson.

Ved sida av urfolk er det afrocolombianarane som blir hardast ramma.

– Det er dei som dør, blir rekruttert, gravlegg sine døde, legg Jeison til.

Rekrutteringa skjer ofte med trugslar om forfølging eller kidnapping, men unge kan også melde seg frivillig i mangel av betre utsikter. 

Dei understrekar at kor sårbare ungdommane er i stor grad handlar om kva alternativ dei har.

Jherson er ungdomsleiar i Movimiento Juvenil Álvaro Ulcue Chocué som arbeider i nordleg-Cauca. Foto: Edith Meek Allern

– Vi må krige oss til utdanning og arbeid

Det er store forskjellar på moglegheiter for utdanning og arbeid mellom urfolk og afrocolombianarar, og befolkninga elles. 

1 av 3 afrocolombianarar mellom 15 og 16 år, går ikkje på ungdomsskulen. Ifølgje Redd Barna Colombia har berre 14 av 100 urfolksungdommar tilgang til utdanning relevant for deira kultur, til dømes at det går på språket dei snakkar. 

Marcela understrekar at moglegheitene ikkje er lett tilgjengeleg.

Vi må krige oss til det. Det er aldri noko vi tek for gitt, det er ein evig krig, seier ho. 

Fordi staten historisk har gløymt og ignorert dei, blir organisasjonsarbeidet lokalt særleg viktig, meiner Marcela. Som unge er det endå vanskelegare å bli høyrt i politiske prosessar, både nasjonalt og lokalt. 

PCN driv leiartrening i heile landet, hjelper afrocolombiansk ungdom med å styrke ferdigheiter til å komme inn på universitet, og ønsker å lage eit eige universitet med afrocolombiansk perspektiv.

I territoria har CRIC ansvar for grunnskuleopplæring og driv eit urfolksuniversitet.

Organisasjonen til Jherson, Movimiento Juvenil, går aktivt rundt for å snakke med urfolksleiarar som beskyttar urfolk, og tilbyr eit tillegg til ordinær utdanning. 

Heng saman med undertrykking av religion og kultur

I alle organisasjonane er kultur eit fokusområde. 

Jeison understrekar at ein må forstå ulikskapen i utdanningstilbod i samanheng med undertrykking av den kulturelle identiteten til afrocolombianarar. 

Jeison i NPC. Foto: Edith Meek Allern

Han fortel at det er ei førestilling om at afrocolombianarar ikkje er verdige utdanning eller anna arbeid enn å jobbe på markene, ein rest frå kolonialisme og slavehandel.

Rasismen og hatet mot afrocolombianarar og deira kulturelle identitet meiner Jeison går att i dei større historiske linjene:

– Først kom sivilisasjonen, så kom koloniseringa, så kom slavetida. Når har vi fått vere oss sjølv? Kor kan vi vere sjølvstendige, trygge og stolte over eigen identitet, når det er dette vi historisk har gått gjennom?

Difor jobbar dei særleg for å beskytte tradisjonane, kulturen, religionen, instrumenta og historia til forfedrane, seier han. 

Må ha fleire alternativ enn væpna grupper eller universitet

Å få unge til å bli trygge i sin identitet som urfolk er også eit stort fokusområde i organisasjonane til Marcela og Jherson. 

Marcela med tradisjonelt handarbeid. Foto: Fredrik Opheim, Operasjon Dagsverk

– Det er også ei stor utfordring i territoria at vi begynner å miste vår urfolksidentitet. Det er noko vi vil redde, ta vare på, og byggje vidare, seier Marcela. 

Nøkkelaktivitetane i utdanningstilbodet til Movimiento Juvenil er dans, veving og musikk.

– Det er ein måte å gi mot og styrke til ungdommen. Vi vil forme kritisk tenkjande ungdommar, som er aktive i politikk, endringsaktørar i sin kvardag, og som har den kulturelle identiteten ibuande og kan føle seg trygge i det, seier Jherson. 

Han legg også vekt på at dyrking av kulturen utgjer eit viktig bidrag til å vise alternativ til valden. Formell utdanning er heller ikkje det einaste alternativet ein kan gi, om ein vil nå alle unge. 

Jeison og Jherson. Foto: Fredrik Opheim, Operasjon Dagsverk

– Vi har ungdommar som ønsker å ta utdanning, satsar på det akademiske, og ser ei framtid og moglegheiter i det. Men det finst også dei som vil bli der dei er og dyrke jorda. Og det er dei som ikkje vil gjere noko av dette, men bu i sitt urfolkssamfunn og berre leve, seier Jherson.

Han vil at samfunnet skal leggje til rette også for desse, som ved å gi jordområde og opplæring til dei som vil dyrke jorda eller byggje opp under kulturaktivitetar for dei som blir i territoria. 

Kulturtilbodet har også ei anna viktig rolla. Unge med formell utdanning kan vere meir attraktive for rekruttering til væpna grupper. Jherson fortel at det er difor ei kjensle av tilhøyrsle og eigarskap til kulturen også er viktig for at desse personane ikkje går til væpna grupper. 

– Også dei ressurssterke må sjå at ein ikkje treng våpen i handa for å leve godt, og der kan kultur spele ei viktig rolle, seier Jherson. 

Utrøytteleg håp

Ung2023-undersøkinga til Opinion viser at klimaengasjement blant unge søkk. Dette blir kopla til håpløyse som reaksjon på at handling blir borte, trass stor mobilisering og innsats frå unge i å skape endring.

Felles for organisasjonane er kor viktig det er at ungdom er politisk aktive og har ei forståing av kulturen sin. Foto: Fredrik Opheim, Operasjon Dagsverk

Om ein meiner dette er godt grunna eller ikkje, er det verdt å spørje seg korleis i alle dagar det er mogleg for Jeison, Jherson og Marcela å halde på håpet under tilhøva i landet. Jeison er ikkje i tvil:

– Eg har håp! Eg har håp! seier han. 

Han blir drive av håpet om at unge skal vekse opp i eit likestilt Colombia. At unge skal få meir plass, og ta meir plass, i politikken. Og han håpar på «eit deileg liv». Det viser til den første kvinnelege visepresidenten i Colombia, som har dette til politisk slagord. 

– Eg håpar at all politikk som angår unge ein dag skal komme frå territoria, og ikkje frå ein pult, legg han til. 

Jherson er heller ikkje i tvil om håp for Colombia.

– Til deg som vandrar, det finst ingen veg. Han blir forma, som du tek eit steg av gongen. Slik vandrar du livet, slik vandrar din tankegang. Slik vandrar freden, seier han.

Marcela legg til at kampen kostar og at dei alltid skal minnast dei som er mista. I møtet med denne røynda, er det likevel ho finn kraft til å halde fram:

– Når vi blir så sinte og oppgitte over så mange drap, blir også engasjement vekt. Samstundes som vi minnest dei, dyrkar vi andre frø som skal blomstre fram. Det har gått så mange liv tapt i territoria. Det er for mange no. Det vi gjer i dag er for å bevise at kampen, innsatsen og styrken deira, ikkje har vore forgjeves, seier ho.


Illustrasjonsfoto frå Toribio, sørvest i Colombia. Foto: AP Photo/Christian Escobar Mora, File