Leiaren i Humanistisk Ungdom vil fjerne stigma rundt gaming

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

– Som dotter av ein austeuropear og med eit ikkje-norsk namn har eg både sett og opplevd korleis minoritetar blir behandla i arenaer frå jobb til sosialliv, og meiner det er på tide med ei kulturendring.

Kristina Elizabete Timermane Williamson er ny leiar av Humanistisk Ungdom. 21-åringen frå Stavanger drøymer om eit samfunn som gir alle moglegheit til å vere den dei vil og utvikle eigen identitet i eit trygt fellesskap. Ho meiner sosiale klassar og økonomi ikkje skal stoppe nokon frå å oppnå det dei vil, særleg innanfor utdanning.

Hjartesaka hennar er minoritetar sine rettar.

– Mi andre, litt mindre seriøse hjartesak, er at eg meiner at rosiner ikkje burde blandast inn i bakverk!

Må lære seg å styre tida

Humanistisk Ungdom-leiaren opplevde i 16-17-årsalderen at hjernen hennar «skrudde seg på», og ho vart klar over at det var mykje feil i samfunnet.

– Det første skikkelege politiske standpunktet eg tok må ha vore under abortlovsaka i 2018, og eg meiner den dag i dag at abortlova ikkje skal rørast om det har negative konsekvensar for kvinners reproduktive helse. Sidan då har eg delteke på mange ulike felt, både i lokalpolitikken, interessepolitikken og studentpolitikken.

Ung kvinne gret medan alle rundt klappar.

Kristina Elizabete Timermane Williamson vart rørt då ho blei vald til ny leiar av Humanistisk Ungdom på landsmøtet tidlegare i år. Foto: Iver Daaland Åse

Williamson skildrar seg sjølv som ein ganske jordnær type, og ønsker at alle skal ha moglegheit til å føle eigarskap til organisasjon ho leier.

Ho ser opp til Christian Lomsdalen, leiaren av Human-Etisk Forbund, som ho meiner har meir enn 24 timar i eit døgn.

Time-management er noko eg framleis må lære meg.

Ung kvinne framføre eit rådhus med plakaten "Studenter for en bedre fremtid".

Kristina Elizabete Timermane Williamson leier Humanistisk Ungdom framover. Foto: Privat

Vil fjerne gaming-stigma

Det neste året skal Humanistisk Ungdom fokusere på kritisk tenking og kjeldekritikk, Gud og sex i skulen, og å gjere religions- og livssynsminoritetar synlege i debatten.

Williamson synest det er ekstra spanande at Humanistisk Ungdom har vedtatt ei fråsegn om destigmatisering av gaming.

– Det er utruleg mykje bra med hobbyen som ikkje kjem fram i lyset, og det er på tide at det blir framsnakka i staden for å bli baksnakka!

– Kva er den neste kampen?

– Det blir å halde fram å setje søkelyset på religionsfridom for alle, i heile verda!

Illustrasjon som syner at ho foretrekker katt over hund, New York over hyttelur og pizza over taco.

Humanistisk Ungdom-leiaren vil helst ha ein halvfeit og lat svart pus. Ho likar ikkje insekt, og føretrekker difor New York. Illustrasjon: Framtida.no via Canva

Storfan av Nytt på Nytt

På fritida likar Kristina Elizabete Timermane Williamson å spele videospel og sylte grønsaker.

– Helst begge delar samstundes, og det er det eg har Stardew Valley til!

Ung kvinne i HUmanistisk Ungdom-genser held tomlane opp.

Kristina Elizabete Timermane Williamson fotografert i samband med Humanistisk Ungdoms Vinterseminar Februar 2023 på Tonsenhagen Skole i Oslo. Foto: Iver Daaland Åse

Den største tidstjuven i kvardagen er Twitter, som saman med NRK er ei av plattformene ho brukar til å halde seg oppdatert på det som skjer i samfunnet.

– Men mest av alt sambuaren min som sender meg nyheitssaker på Messenger.

Om ho hadde vakna opp i morgon til draumenyheita si, hadde overskrifta vore: «Gratis kollektivtilbod i heile landet!»

Kanskje kunne ho diskutert saka med ein annan som følgjer med på nyheitene, nemleg draumegjesten hennar Bård Tufte Johansen.

– Eg er stooooorfan av Nytt På Nytt, men eg meiner at han framleis må bli betre til koordinere slips og tørkle. 

– Kva eg hadde servert? Pizzaen til pappa! Det er den eine tingen eg meiner alle burde få smake minst éin gong i livet!

Leiaren av Humanistisk Ungdom er fan av Nytt på Nytt og Bård Tufte Johansen, men synest programleiaren så legge inn større innsats på slipsfronten. Foto: Anne Liv Ekroll/NRK


Bokomslag som syner to kvinner . Dene ine kviler hovudet på hendene og ser tankefull ut, den andre les i ei bok. I bakgrunnen er det eit svakt bilete av ein mann.

Bokomslag: Gyldendal

 

– Kva for ei bok burde alle lese? 

– Høytleseren av Bernard Schlink. God bok som tar opp masse spanande tema og har fleire tvistar, sjølv om ho er ganske kort.

– Kva serie er ditt beste tips akkurat no?

– Gilmore Girls!

To kvinner som sit i sofa. Tekst: Et år med Gilmore Girls

Foto: Netflix

– Kva låt får deg alltid i godt humør?

– Tunneler av TØFL! Årets sommarlåt sidan 2018!


Ung kvinne med langt, mørkt hår og kofte smiler til kamera.

Emilie Madelen Biti-Jessen er oppteken av klima, psykisk helse og å skape møteplassar for unge samar. Foto: Ørjan Marakatt Bertelsen

Fakta

Alder: 21 år

Personleg pronomen: Ho

Frå: Stavanger

Yrke/utdanning: Utdanna statsvitar

Favorittfag på skulen: Historie!

Medlem i: Humanistisk Ungdom, Tryggere Ungdom, Natur og Ungdom