Framtida trillar terning på ungdomspartileiardebatten: – Tidvis høg temperatur

Edvard Storm Simonsen
Publisert

Det var ein debatt med tidvis høg temperatur, men utan høgdepunkt som fjorårets debatt då Tobias Stokkeland frå Grøn Ungdom drog fram ein joint på scena. Jamt over grei innsats frå ungdomspartileiarane, men ingen skyhøge toppar eller frykteleg djupe dalar. 

Les dei beste sitata og våre terningkast på kvar av ungdomspartileiarane under:

Liv Müller Smith-Sivertsen, leiar i Raud Ungdom, under ungdomspartileiardebatten på Arendalsuka.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Raud Ungdom – Liv Müller Smith-Sivertsen

Som Grøn Ungdoms debutant verka ho litt nervøs. Tok seg fleire gonger tid til å ta seg tenkjepausar før ho svarte på spørsmål. For nokon kan det nok verke som ho er reflektert, men kan også verte tolka som at ho var litt usikker. Kjempa aldri for å behalde ordet. 

Litt avhengig av manus i starten, men frigjorde seg meir etter kvart. Var god i debatten om ytringsfridom. 

Morosamt at ho pratar så likt som Erna Solberg, men har så ulike politiske meiningar. 

Beste sitat: «Når Kamelen roper «fuck politiet» på konsert og blir arrestert, kor er dei høge stemmene på høgresida som forsvarer ytringsfridomen, då?»

Terningkast: Terningkast 3


Synnøve Kronen Snyen, leiar i Sosialistisk Ungdom, under ungdomspartileiardebatten på Arendalsuka 2023. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Sosialistisk Ungdom – Synnøve Kronen Snyen

Sterk i debatten om woke-kultur og skarp om milliardærane som flyttar til Sveits, men vert elles litt anonym. Vert som fleire andre litt for avhengig av manus. 

Mot slutten dreg ho fram Norsk offentleg utgreiing om kjønnsskilnadar i skulen, i sterk kontrast til Tobias Stokkeland frå Grøn Ungdom, som drog fram ein joint under ungdomspartileiardebatten i fjor. 

Beste sitat: «Viss høgresida og FpU hadde styrt hadde kjønnspolitikken vore «stuck» på 50-talet.»

Terningkast: Terningkast 3


Astrid Hoem, leiar i AUF, under ungdomspartileiardebatten på Arendalsuka 2023. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

AUF – Astrid Willa Eide Hoem

Pratar med stort engasjement og sannsynlegvis også høgast volum av alle debattantane. Har mange tilhengarar i publikum, som ho stort sett snakkar direkte til. Ein skjønnar jo at det er freistande når alt ein seier vert møtt med vill jubel frå salen. Ser nesten aldri på dei andre i panelet når ho pratar, som til tider verkar rart. Følast ofte nesten meir som eit Trump-rally enn ein partileiardebatt då Hoem prata. 

Er likevel ein erfaren og kunnskapsrik debattant, og innhaldet i det ho seier er tydeleg og poengtert, særleg om skatteflyktningane i Sveits.

Beste sitat: «Er svaret Jordan Peterson og Andrew Tate, er spørsmålet feil.»

Terningkast: Terningkast 4


Andrine Hanssen-Seppola, leiar i Senterungdommen, under ungdomspartileiardebatten på Arendalsuka 2023. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Senterungdommen – Andrine Seppola

Kanskje den tydelegaste i debatten. Snakkar utan manus og er flink til å halde på ordet. Best i dag saman med Simen Velle frå FpU. 

Seier ho er stolt av å ete kjøt, fly Widerøe-fly og å køyre dieselbil. Litt merkeleg vil nokon tenke, men ho er i alle fall tydeleg. 

Det trekker ned at ho nektar å seie noko som helst i ytringsfridomsdebatten, og på spørsmål om det er eit guteproblem i skulen har ho ikkje noko godt svar og prøver seg på ei vits om « … uansett om det er 2 eller 72 kjønn så…», utan å få særleg respons. 

Beste sitat: «Dei fleste er verken Andrew Tate eller veganarar.»

Terningkast: Terningkast 5


Margit Martinsen, talsperson i Grøn Ungdom, under ungdomspartileiardebatten på Arendalsuka 2023. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Grøn Ungdom – Margit Martinsen

Snakkar stort sett når ho får ordet og kjempar ikkje for å halde på det når ho vert avbroten. Litt nervøs kanskje, men kva anna kan ein vente frå ein debutant? Ingen høgdepunkt som Stokkeland sin joint i fjor. Det hjelper ho ikkje at klima og miljø ikkje er på agendaen for debatten, men har likevel noko å seie om det meste. 

Beste sitat: «Vi har betre ting å bruke pengar på enn å slå saman og løyse opp kommunar kvart fjerde år.»

Terningkast: Terningkast 3


Hadle Rasmus Bjuland, leiar i KrFU, under ungdomspartileiardebatten på Arendalsuka 2023. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

KrFU – Hadle Rasmus Bjuland

Bjuland fekk mykje meir taletid i fjor då eit av temaa var ruspolitikk og KrFU skil seg meir ut enn i dagens debatt. 

Er flink til å trekke inn konkrete eksempel omtrent kvar gong han får ordet, men vert totalt sett ganske usynleg. 

Høgdepunkt: Kritiserte AUF for at skulen bruker lærebøker der kristne verte omtala som homofobar. Fekk som svar at KrFU først burde rydde opp i korleis dei omtaler transpersonar. 

Terningkast: Terningkast 3


Ane Breivik, leiar i Unge Venstre, under ungdomspartileiardebatten på Arendalsuka 2023. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Unge Venstre – Ane Breivik

Engasjert, men noko rolegare enn Astrid Hoem i AUF. Til tider avhengig av manus, men står fram som kunnskapsrik og prinsippfast. Særleg i ytringsfridomsdebatten er det klart at ho og Unge Venstre vil vere forsiktige med å tukle med ytringsfridomen.

I debatten om kjønnspoeng for å komme inn på studium vil ho heller prate om at ein burde fjerne ekstrapoeng så folk ikkje bruker mange år på å ta opp fag. 

Beste sitat: «Det har vore oljepengefest, men det er dei unge som vaknar til bakrusen og tomt barskap.»

Terningkast: Terningkast 4


Ola Svenneby, leiar i Unge Høgre, under ungdomspartileiardebatten på Arendalsuka 2023. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Unge Høgre – Ola Svenneby

Blant dei mest erfarne i panelet og står også fram som ein av dei mest sikre debattantane. Gjer ikkje noko feil, men ein kunne forventa enda meir frå ein av dei mest erfarne debattantane på scena. 

Må bruke litt mykje tid på å forsvare angrep, særleg frå AUF, men det gjer han godt. Betre enn AUF forsvarer angrep frå Unge Høgre. Det er klart at han er kunnskapsrik og er ikkje avhengig av manus i det heile. 

Står sterkt saman med FpU og Unge Venstre i debatten om ytringsfridom.

Er tydeleg engasjert og sannsynlegvis den i panelet som fnyser mest av dei andre når dei pratar. 

Beste sitat: «Eg trur det hadde blitt ei lang russetid om Oslo og Bærum skulle hatt russetid etter kvarandre», etter at AUF sa at tidspunkt for russetid burde avgjerast lokalt. 

Terningkast: Terningkast 4


Simen Velle, leiar i FpU, under ungdomspartileiardebatten på Arendalsuka 2023. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

FpU – Simen Velle

Var blant dei beste i fjorårets debatt og er god også i år. Ein dyktig og prinsipiell debattant. Til dømes argumenterer han godt mot større regulering av ytringsfridomen. Også tydeleg i motstanden mot kjønnspoeng- og kvotering. Fri frå manus og forsvarer angrep godt. Dagens beste saman med Seppola frå Senterungdommen. 

Beste sitat: «Når eg går til legen bryr eg meg ikkje om kva kjønn legen er, men om kor god den legen er.»

Terningkast: Terningkast 5


Frå venstre: 1. nestleiar i SU Eirin Miljeteig Helgesen, Senterungdom-leiar Andrine Hanssen-Seppola og sentralstyremedlem i AUF Sandra Tenud. Foto: Birgitte Vågnes Bakken