Ola Svenneby kåra til vinnar av ungdomspartileiardebatten

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«Tok masse taletid med den største sjølvfølge og står fram som den mest naturlege leiaren.» 

Det skriv politisk redaktør i Nettavisen Erik Stephansen om Ola Svenneby. Unge Høgre-leiaren er den einaste ungdomspartileiaren som fekk terningkast 5 og vart av den politiske redaktøren kåra til vinnar av debatten.

Nato, EU og ruspolitikk

Onsdag var ungdomspartileiarane samla til den store ungdomspartileiardebatten i Arendal kultur- og rådhus. Nato, norsk EU-medlemskap og ruspolitikk var sakene som stod på agendaen.

Då ungdomspartileiarena vart spurd om norsk EU-medlemsskap under Arendalsuka svara Grøn Ungdom kanskje då dei skal behandla saka, Unge Venstre og Unge Høgre ja, medan dei resterande svara nei. Kollasj: Framtida.no

Debatten vart leia av nyheitsredaktør i Avisa Oslo Hanne Taalesen og politisk journalist i Nettavisen, Henrik Heldahl. Debatten vart arrangert og strøyma av Arendalsuka, Avisa Oslo og Nettavisen, som òg hadde ettersending med analysar.

Debattvinnar Ola Svenneby vert trekt for sitt forsvar av Høgre sitt standpunkt om å auke utbygginga av kraftkablar til Europa, men får ros for sitt forsvar av Nato, EU og rusdebatten.

Sjå heile debatten her: 

Joint på scena

I rusdebatten fekk talsperson i Grøn Ungdom, Tobias Stokkeland, mykje merksemd då han drog fram ein joint på scena for å illustrera kor lett tilgjengeleg rusmiddelet cannabis er.

– Då var det ingen som sjekka leg. Det er ingen som har sjekka styrken på dette, om nokon har forgifta dette med farlege stoff. Og ikkje minst: Dealeren har ope mykje lenger enn det polet har.

Stokkeland får skryt av politisk redaktør i Nettavisen for det sjokkerande grepet, men endar på eit terningkast 4.

Stuntet fekk krass kritikk av leiar i Senterungdommen Torleik Svelle, som meinte ungdomspolitikarar må vere gode døme som seier nei til narkotika.

– For all del: Ikkje røyk hasj. Ein burde ikkje røyke hasj. Eg røyker ikkje hasj, men dette viser kor lett det er å få tak i hasj, understreka Stokkeland.

AUF, Senterungdommen og KrFU svara nei på om dei vil legalisera cannabis, medan dei resterande ungdomspartia svara ja. Kollasj: Framtida.no

AUF i teten

Også AUF-leiar Astrid Hoem får skryt for innsatsen i rusdebatten, men enda på ein sterk 4.

«Svært engasjert, kanskje med litt overtenning. Vart kåra til vinnar saman med Svenneby i fjor, og klarar å kapra masse taletid også i år. Men, i år blir det kanskje meir form enn innhald,» skriv Stephansen.

Astrid Hoem, partileiar AUF, og Torleik Svelle, partileiar Senterungdommen, på ungdomspartileiardebatten under Arendalsuka 2022. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

I folkeavstemminga til Nettavisen på nett er det likevel AUF-leiaren og Unge Venstre-leiar Ane Breivik som sankar flest stemmer, framfor leiar i Senterungdommen Torleik Svelle og Unge Høgre-leiar Ola Svenneby.

Natur og Ungdom etterlyser klima og miljø

På Twitter har fleire merka seg Stokkeland sitt stunt, medan andre er mest opptekne av kva som ikkje vart snakka om.

Natur og Ungdom etterlyser spørsmålet om klima og miljø i debatten.