Lokalvalet: Når skal valurna bli digital?

Nynorsk Pressekontor
Publisert

Nettbank, skattemelding og reseptar. Liva våre har blitt meir og meir digitaliserte. For mange er mobiltelefon eller nettbrett ein integrert del av normalfunksjonen, og vi er blitt heilt avhengige av internett for å få kvardagen til å gå rundt.

Likevel må vi møte opp fysisk i vallokala for å røyste på kven som skal styre landet vårt. Er det nokon sjanse for at røystesetelen skal bli digital?

Tillit til systemet

Ikkje med det første, ifølgje professor emeritus ved Universitetet i Oslo, Bernt Aardal. Han har lang erfaring med valforsking, og har skrive fleire bøker om temaet.

– Det er nokre tekniske og demokratiske utfordringar som ein må ta omsyn til før det vil vere realistisk å innføre e-val, seier Aardal til Nynorsk pressekontor.

Valforskar og professor emeritus Bernt Aardal. Foto: Universitetet i Oslo

Aardal peiker på noko av det same som ei utgreiing frå Oslo Economics og Norsk Regnesentral som vart gjennomført på vegner av Kommunal- og distriktsdepartementet (KDD). Rapporten har undersøkt moglegheitene kring innføring av elektronisk stemmegiving i Noreg.

Både Aardal og rapporten konkluderer med at slik som situasjonen er no, har ein ikkje dei tekniske rammeverka på plass for å kunne innføre eit internettbasert stemmesystem i Noreg.

For eit fungerande demokrati er det avgjerande med tillit til systemet. I Noreg er tilliten til valgjennomføringa svært høg, men fordi det ikkje er mogleg å garantere for eit trygt val med dei elektroniske løysingane som finst i dag, er det ein dårleg idé å satse på ein heildigital valprosess. Det kan få alvorlege konsekvensar for demokratiet.

Likevel ser ikkje Aardal bort frå at valsystema kan bli meir digitale i framtida.

– I gamle dagar kledde ein seg gjerne pent for å gå å stemme. Dette er ikkje vanleg no lenger. Ting endrar seg. For dei som er unge no, vil det kanskje vere meir hensiktsmessig å stemme digitalt, fordi ein har vakse opp med den digitale utviklinga, seier professoren.

Valkort på mobil.

Kanskje blir det mogleg å røyste på mobilen i framtida. Illustrasjonsfoto: Håkon Mosvold Larsen / NTB / NPK

Ny vallov

– Korleis ein gjennomfører val er viktig i eit demokrati, og det er avgjerande at vala er sikre og hemmelege. Elektronisk røysting ved val til folkevalde organ stiller særleg høge krav til tryggleik og tilgjenge, seier Nancy Porsanger Anti (Sp), statssekretær ved Kommunal- og distriktsdepartementet (KDD). KDD har ansvaret for valgjennomføringa her i landet.

Statssekretær ved kommunal- og distriktsdepartementet, Nancy Porsanger Anti (Sp). Foto: Trond A. Isaksen

Tidlegare i år vedtok Stortinget ei ny vallov. Då blei bruk av elektroniske hjelpemiddel trekt fram som ein merknad, men det vart ikkje vedteke ei konkret satsing på elektronisk røysting. Dette er i tråd med framlegget frå både departement og vallovutvalet, forklarer statssekretæren.

Den nye vallova tek til å gjelde frå stortingsvalet i 2025.

– Viss det skal bli aktuelt å vurdere nye måtar å røyste på, er det avgjerande at det er godt greia ut og utprøvd. Vi må ha ei langsiktig og kunnskapsorientert tilnærming til saka, og vere merksame på utfordringane, meiner Porsanger Anti.

Kan bli meir inkluderande

Ein mogleg start er å introdusere internettbasert røysting til mindre, utvalde grupper. Det kjem fram i ei utgreiing om innføring av elektronisk stemmegiving som Bernt Aardal var leiar for.

Funksjonshemma og dei som stemmer frå utlandet, er to grupper som kunne hatt stor nytte av å få moglegheit til å stemme digitalt, meiner Aardal.

Burde det vere mogleg å stemme digitalt?

Burde det vere mogleg å stemme digitalt?

Ja, for alle3
Ja, for utvalde grupper9
Veit ikkje1
Nei7
Svar totalt: 20

 

Både Handikapforbundet og Blindeforbundet uttrykkjer ønskje om ein meir tilpassa og inkluderande røysteprosess.

– Den nye vallova er eit steg i riktig retning, men vi skulle gjerne sett at dei nye krava strekte seg endå litt lenger enn det som vart bestemt, seier Magnhild Sørbotten, nestleiar i Norges Handikapforbund.

Vallova stiller mellom anna strengare krav til universell utforming av vallokala. Ho opnar òg opp for at personar med behov for assistanse skal sjølv få velje kven som blir med inn i valavlukket.

– Vi er positive til at ein skal kunne stemme frå eigen pc eller telefon, men vi ønskjer ikkje at det skal bli ei kvilepute for kommunane for å ikkje ha tilgjengelege lokale. Alle skal ha moglegheit til å stemme fysisk, understrekar nestleiaren.

Kvinne framføre logoen til Norges Handikapforbund

Magnhild Sørbotten. Foto: Norges Handikapforbund.

Ta styringa sjølv

Leiar for seksjon for samfunnskontakt ved Noregs Blindeforbund, Sverre Fuglerud, meiner det er mykje som er bra med dagens røystesystem, men at dei likevel er veldig positive til e-val.

I dag finst det spesialtilpassa røystesetlar med punkt- og stor skrift, men desse gir til dømes ikkje moglegheit til å rette på setlane eller sjå kven som står på dei ulike listene.

– E-val ville gjort det enklare å ta styringa av valprosessen sjølv, og det er noko som stadig blir tatt opp på landsmøta våre som eit ønskje, seier Fuglerud.

Han er skuffa over at styresmaktene ikkje ønskjer å prioritere vidare utgreiing av moglegheitene kring e-val.

Fleirtalet i utvalet som arbeidde med den nye vallova, er nemleg negative til å tilby elektronisk røysting over internett til utvalde veljargrupper.

Mann framføre logoen til Norges Blindeforbund.

Sverre Fuglerud. Foto: Norges Blindeforbund

Fuglerud er likevel håpefull etter at Kontroll- og konstitusjonskomiteen framheva verdien e-val kan ha for synshemma og blinde. Magnhild Sørbotten seier ho har forståing for bekymringane som er om tryggleik, men at ein då må fokusere på å finne sikre, gode løysingar for e-val.

– Det viktigaste er at alle får moglegheit til å røyste, også på sjølve valdagen, at alle vallokale er universelt utforma, og at funksjonshindra som treng assistanse for å stemme, sjølv kan velje kven som skal assistere, seier ho.

Komiteen meiner at departementet (KDD) må ha eit klart mål om å få på plass ei digital løysing så snart som det er teknisk mogleg og forsvarleg, seinast ved valet i 2027.


Linnea Olsen stiller til val for Høgre.
Kollasj laga av Framtida.no. Bilete: Bamble kommune (CC BY-SA 2.0) og Privat