Veit du kva du må ta med deg til vallokalet? I dag startar førehandsstemminga, og her er seks spørsmål du kanskje har før du tek turen.

Marie Wilberg
Publisert

Frå og med i dag, torsdag 10. august, er det mogleg å førehandsstemme i lokalvalet.

Då kan det vere lurt med ei lita oppfrisking i korleis dette føregår, både dersom dette er ditt første val og om du har stemt fleire gongar tidlegare.

Korleis finn eg ut kva eg skal stemme på?

Valurne med kuler i forskjellege fargar i ein boge over

Dersom ein er usikker på kva ein skal stemme kan ein ta ein valomat. Illustrasjon: Marie Wilberg

Det er mange måtar ein kan gå fram for å finne sitt parti. Valforskar Johannes Bergh meiner det ikkje treng å vere spesielt alvorstungt og vanskeleg å stemme.

Forskar ved Institutt for samfunnsforsking, Johannes Bergh, har sett på politisk deltaking blant unge. Foto: ISFS

– Ikkje tru at du må vite alt før du skal stemme. Di meining er like viktig som alle andre si, seier Bergh til Framtida.no.

For å få eit inntrykk av kva for eit parti du står nærast kan du til dømes ta ein valomat. Fleire medium, som NRK, VG og Aftenposten har laga «quizar» der du svarar på påstandar om ulike politiske tema, for å finne ut kva for parti du er mest samd med. Dette er ikkje ein fasit, men ei slags rettleiing om kvar du ligg politisk.

Dersom du ønskjer å gå grundigare til verks kan du oppsøke partia sine nettsider, eller du kan snakke med folk som står på stand.

– Det viktigaste er å vere med på valet, og stemme på det partiet du likar best eller det du mislikar minst, seier Bergh.

Når skal eg stemme?

Dersom du har lyst til å stemme på valdagen skjer dette måndag 11. september. I nokre kommunar er det to valdagar, søndag og måndag, slik at dei med mykje i kalenderen også skal ha moglegheit til å ta turen.

Om du vil førehandsstemme kan du gjere det frå og med i dag, 10. august, og heilt fram til 8. september.

Opningstidene i stemmelokala varierer frå lokale til lokale, så dei er det lurt å sjekke før du tek turen.

Kvar kan eg stemme?

Skilt til vallokale. Ei dame med ryggsekk står i døra på veg inn.

Du kan søke opp ditt næraste vallokale på valglokaler.no. Foto: Valgdirektoratet

Geografisk plassering er ikkje ei unnskyldning for å ikkje bruke stemmeretten. Du finn stemmelokale rundt om i heile landet, du kan stemme heimanfrå, og du har til og med moglegheit til å stemme frå utlandet.

På sjølve valdagen har ein berre moglegheit å stemme i kommunen ein var registrert busett i folkeregisteret 30. juni. Det vil seie at dersom du ikkje bur i kommunen du er folkeregistrert, eller du har registrert deg etter 30. juni, må du førehandsstemme eller reise dit du er folkeregistrert.

Om du vil førehandsstemme, kan du gjere det i lokale i heile landet. Du kan søke opp ditt næraste lokale på valglokaler.no.

Du kan søke om å få stemme heimanfrå dersom du er sjuk. Her er det ulike reglar og fristar, så dette må du sjekke opp med din kommune om det er aktuelt for deg.

Dersom du er i utlandet under valperioden kan du stemme på blant anna dei fleste norske ambassadar. Du kan finne stemmestadar i utlandet på valglokaler.no, og om det ikkje er ein stemmestad der du er, kan du brevstemme.

Må eg tenkje annleis no når eg skal stemme i lokalvalet enn då eg stemte i stortingsvalet?

Hans som krysser av på ei partiliste.

I år er det kommune- og fylkestingsval. Illustrasjon: Valgdirektoratet

I år er det kommune- og fylkestingsval, og det kan dermed vere vanskeleg å vite om partiet ein valde ved stortingsvalet også er det rette denne gongen.

Valforskar Bergh fortel at du i lokalvalet kan tenkje meir på staden du bur, og korleis du ønskjer at staden skal vere.

– Det handlar meir om dei praktiske spørsmåla, som kvar ein skal byggje vegen, eller kvar den nye skulen skal ligge seier Bergh.

Han fortel at det er vanleg å tenkje meir ideologisk i stortingsvalet, som til dømes kvar ein står på høgresida eller venstresida. Det treng ikkje nødvendigvis vere slik i kommunevalet.

Kva må eg ta med meg?

Du har kanskje fått beskjed om at valkortet ditt har kome elektronisk eller i posten. Dette viser kvar og når du kan stemme, men det er ikkje nødvendig å ha med til vallokalet.

Det einaste du treng å ta med deg når du skal stemme er gyldig legitimasjon.

Det som gjeld som legitimasjon er pass, bankkort med bilete, nasjonalt ID-kort og fysisk eller digitalt førarkort.

Kva gjer eg i lokalet?

To hender dreg ut to stemmesetlar.

Det er mogleg å spørje dei som arbeidar der dersom ein er i tvil om kva ein skal gjere. Illustrasjon: Valgdirektoratet

Når du kjem til lokalet, kan du ta éin stemmesetel for kommunestyrevalet og éin stemmesetel for fylkestingsvalet. Men å stemme frå din kommune og å stemme frå ein annan kommune har nokre skilnader.

Når du stemmer frå ein annan kommune enn den du bur i skal du berre krysse av på partiet du ønskjer å stemme på. Du treng ikkje å stemme på det same partiet i dei to setlane.

Dersom du stemmer i din eigen kommune vil du ha moglegheit til å stemme på enkeltpersonar innanfor eitt parti.

Det kjem til å vere personar i vallokalet du kan spørje dersom du er i tvil om kva du skal gjere. Om du ønskjer å vite meir om stemmeprosessen, kan du lese meir på valg.no.

Lykke til med valet!


Les meir om lokalvalet: Linnea (18): – Å ha budd i ein kommune er erfaring nok til å sitja i kommunestyret

Linnea Olsen stiller til val for Høgre.
Kollasj laga av Framtida.no. Bilete: Bamble kommune (CC BY-SA 2.0) og Privat