Herman Winther ser ikkje føre seg å gå tilbake til smarttelefonen. – Det er så behageleg å ikkje vere avhengig av noko, seier han.

William Matteus Fonn
Publisert

I einebustaden til foreldra på Slemdal i Oslo sit Herman Winther og les i avisa. Han følgjer setningane bortover avispapiret og tek ein ny slurk av kaffien. Det er på denne måten han liker å starte morgonen.

Fascinasjon for det gamle

På kjøkkenbordet ligg mobiltelefonen hans. Det er ein Sony Ericsson knappetelefon.

Han kan sende SMS og ringe med han. Det er stort sett det einaste Herman treng han til.

Herman er ikkje avhengig av nokon skjerm og har full kontroll over eigen skjermbruk.

Det har ikkje alltid vore slik. På barneskulen blei han spelavhengig og bruke størsteparten av fritida si på det. Det angrar han på no, samstundes er han takksam for at det gav han ei god forståing for datamaskinteknologi.

Då han byrja på vidaregåande brukte han ikkje berre fritida på skjerm, men også store deler av skuletida. Det skulle få han til å reflektere meir over hans eigen skjermbruk.

Han fekk høyre om menneske som bytte frå smarttelefon til dumtelefon og blei fascinert, men appar som Vipps og Spotify heldt han tilbake frå å gjere det same.

Men han hadde verkeleg lyst på ein eldre telefon. Ikkje berre for å bruke skjerm mindre, men fordi han likte imaget og estetikken ved å vere ein som ikkje har smarttelefon. I løpet av vg2 byta han til ein ganske gamal touchtelefon.

Mislikte sosiale medium

– Den var så treig at dei fleste appar ikkje fungerte skikkeleg, fortel Herman, som byrja å bruke telefonen mykje mindre.

– Eg sjekka sjeldnare varslar og såg nesten aldri på sosiale medium.

Etter vidaregåande byrja han å studere Art Direction på Westerdals (Institutt for kreativitet, forteljing og design). Då skaffa han seg ein skikkeleg smarttelefon, men han hata det.

– Eg likte ikkje å sjå på sosiale medium, og det å vere såpass mykje online øydela for kreativiteten min, seier Herman, som på denne tida skaffa seg sin Sony Ericsson s500i.

– Det var eit drastisk val i eit studiemiljø fullt av appar og teknologiske løysingar.

Motkultur

Herman liker å vere motkulturell og synest sjølv det var skikkeleg kult å ha dumtelefon.

– Medstudentane mine syntest og det var kult og det blei ein god samtale startar. Mange ville teste å sende meldingar og ta bilete, fortel Herman.

Det blei ei spanande utfordring og i løpet av dei neste åra mista han behovet for å bruke smartteknologi og byrja heller å utforske gamal teknologi. Han fann mellom anna eit gamalt digitalkamera og ein iPod i huset, som han tok i bruk. Notisblokk, kamera, lommebok og iPod er dei viktigaste tinga han brukar i tillegg til dumtelefonen.

Ein dag for litt over eit år sidan, medan han sat på toalettet, fekk Herman ein idé. Han kjente seg lei av å vere kopla til internett og hadde den siste tida brukt mykje tid på PC-en sin, mellom anna på YouTube. Han blei klar over at dei fleste ideane han fekk kom frå internett.

– Alle tenkjer på det same

– Tankane mine påverka kva eg fekk opp og innhaldet eg fekk opp prega tankane mine, seier Herman som byrja å drøyme om å kople seg heilt av internett.

Det at internett er ei felles kjelde til idear, tankar og memes som alle menneske har tilgang til, er noko som skremmer Herman. Han er redd for at alle menneske skal byrje å tenke likt.

– Alle tenkjer på det same, for å setje det på spissen, seier Herman som ikkje liker tanken på ein global monokultur.

«Kva ville skjedd om eg kopla meg av dette store informasjonsnettet?» spurte Herman seg og bestemte seg for å kutte det heilt ut i 60 dagar, frå 1. februar til 1. april 2024. Målet var å sjå om han kunne generere eigne idear utan påverknad frå algoritmar og felles kulturstraumar.

Det skulle vere ei omfattande avkopling der han ikkje skulle bli eksponert for noko av det som prøvar å fange merksemda vår. I tillegg til å kutte ut einingar som PC og iPod kunne ikkje Herman sjå på andre sine einingar heller. Om noko til dømes ville vise han ein meme, måtte dei skrive den ut heime og ta med neste dag.

Eit liv utan internett

Han måtte ofte avbryte folk og seie ting som: «Denne samtalen kan me ikkje ha dersom du har tenkt å dele noko du har funne ut på nett.»

Han nekta folk å søke opp ordtydingar når dei var med han. Då ville han heller gå heim og sjå i ordboka og finne ut svaret til neste dag.

I staden for å la folk google gjekk Herman gjerne ein tur på biblioteket ved neste høve for å finne ei bok om det dei lurte på.

– Eg lærte meg å vente eit par dagar på informasjon eg tidlegare hadde fått på minuttet. Og eg erfarte at det faktisk var greitt, seier Herman.

Han bytte ut iPoden med ein gamal Walkman og bytte ut kort med kontantar.

Dei obligatoriske samlingane på studiet fekk han berre med seg gjennom at folk snakka om det.

Ein gong måtte han til banken for å overføre 80 kroner til ein kompis for ein øl og berre tenesta i seg sjølv kosta 100 kroner.

Byrja å skrive bok

Litt over halvvegs i perioden byrja han å skrive på ei bok med tittelen Oppstandelser.

– Det er ei bok skrive ut av motstand og opprør og den inneheld observasjonar og idear som eg håper vil skape refleksjon rundt kor knyta samfunnet vårt er til skjermen.

Etter dei to månadane ville Herman eigentleg ikkje gå tilbake til internett, men erkjente at det har ein for sentral plass i samfunnet til å isolere seg frå det.

– Det høyrer også med til historia at familien min var ganske glad når det var ferdig. Eg hadde vore ganske utilgjengeleg, fortel Herman.

Etter tre år med dumtelefon kan han aldri tenkje seg å gå tilbake til smarttelefon. Det er det mange grunnar til, men viktigast av alt er behovet for å ha kontroll over korleis han sjølv har det.

Personvern og avhengnad

Ein ting Herman tenkjer meir på no enn tidlegare er personvern. Han påpeiker at me blir tracka på fleire område og måtar og av mange fleire aktørar enn det me er klar over.

– Eg trur ikkje det er farleg, men det gir meg ei ubehageleg kjensle av at eg blir kontrollert. Eg ynskjer ikkje å vere eit produkt, seier han.

I tillegg er det viktig for han å ikkje vere avhengig. I løpet av oppveksten har han vore avhengig av ting som videospel, internett, mobiltelefon, koffein og tobakk, men ikkje no lenger.

– Det er så behageleg å ikkje vere avhengig av noko. Det er ein luksus i vår tid.

Ein tredje ting som gjer at Herman held kontrollen er at han ikkje er på sosiale medium. Når ein får med seg kva alle andre gjer og kor dei er, blir det lett å overtenkje og tenkje på alle stadene ein skulle vore.

Takksemd og nærvære

Det er ei kjensle han ikkje har kjend på ei stund. Herman synest det er så utruleg fint å kjenne på takksemda av å vere akkurat der han er.

– Samfunnet i dag krev at ein har smarttelefon, men eg meiner det er eit urimeleg krav. Fleire av smarttelefonane kostar mykje og det er også knytt opp til status, fortel Herman, og legg til:

– Det at samfunnet ikkje er tilpassa for å leve med dumtelefon er mi største drivkraft for å halde fram med å gjere det. Og ja, det byr på vanskar, seier han og fortel om då han skulle søke eit studium på UiO under internettfri-perioden hans.

Han møtte opp på universitetet for å stille spørsmål om studiet og finne løysingar for korleis han kunne søke. Men då han kom dit blei han berre vist til nettsida. Han gjekk skuffa heim den dagen.

Seinare den våren møtte han opp på ei messe universitet arrangerte, men også der var det fyrst og fremst på internettet at informasjonen låg.

– På det fysiske arrangementet måtte ein skanne QR-kodar for å få informasjonen ein ynskja.

Rebell

Det byrjar å bli litt mørkare ute og Herman går bort til kjøkkenvindauget. Han smiler tilfreds og undrar seg over sine eigne val. Kvifor er han prinsipiell? Bakstreversk, vil kanskje nokon kalle han.

– Det er noko rebelsk eg ikkje kan forklare, seier Herman lågmælt.

«Takk til alle som holdt ut i mitt nærvær» er fyrste setning i boka hans.

Hermans tips til deg som liv leve meir skjermfritt:

1. Reflekter over om du har moglegheita til å kople frå og eventuelt kor langt du er villig til å strekke deg
2. Hugs at å kople seg frå smarttelefon er å nøye seg med mindre informasjon. Å kople av smarttelefon, er å nøye seg med mindre informasjon.
3. Ha med deg notisblokk der du går. Du kan kome på mange gode idear i det du legg vekk mobilen.
4. Start med å ikkje høyre på så mykje musikk for eksempel på kollektiv transport. Å høyre for mykje på musikk kan svekke høyrselen.
5. Det mest morosame er å gå heilt cold turkey og droppe mobil heilt.