I dag får 15-åringar stemma over kommuneoppsplitting

15- og 16-åringar i Søgne og Songdalen får stemma over å splitta opp Kristiansand, men ingen kristiansandarar.

Marie Knutsen Bruntveit
Publisert

Frå i dag kan innbyggjarar i Søgne og Songdalen stemma over oppsplitting av Kristiansand kommune. Alle som bur i dei tidlegare kommunane og fyller 16 eller meir i år har stemmerett i avstemminga.

Vedtaket om å gje stemmerett til ungdommen har møtt kritikk frå fleire kantar. Venstrepolitikar Ingvild Thorsvik kalla vedtaket «nærast taktikkeri».

– Det er ytst spesielt at kommunalministeren frå eit parti som er uttalt mot 16-årig stemmerett opnar for at 15-åringar skal delta i folkehøyringa. Det står fram nærast som taktikkeri frå kommunalministeren si side, seier Thorsen til VG.

Thorsen peiker på ei undersøking frå Respons analyse, som syner at det spesielt er dei yngre som ønskjer å lausriva seg frå storkommunen.

Folkeavstemminga i Søgne og Songdalen

  • Folkeavstemminga føregår frå 22. januar til 2. februar.
  • Innbyggjarar i tidlegare Søgne og Songdalen kommunar som fyller 16 år og meir i år kan gje frå seg stemme.
  • Folkeavstemminga føregår digitalt med identifisering via BankID, eller via brev.

Songdalen og Søgne vart tvangssamanslått med Kristiansand frå 1. januar 2020. Det skjedde i samband med kommunereforma som vart igangsett av førre regjering.

Avstemminga i Kristiansand kjem etter at ei rekke fylke gjekk tilbake på samanslåingane frå same periode. Frå 1. januar i år vart Akershus, Buskerud, Vestfold, Telemark, Troms og Finnmark igjen sjølvstendige fylke. Ålesund og Haram er dei einaste andre kommunane som har vedteke å skilla lag.

– Unge veit korleis det er å vera ung

Margrete Bjørge Katanasho, styreleiar i Landsrådet for barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU) meiner regjeringa sitt vedtak om å la unge delta i folkeavstemminga er eit steg i rett retning. Ho håper dette er eit teikn på endring, heller enn politisk spel frå Senterpartiet.

– Det er på tide at 16- og 17-åringar får stemma i alle val, me ser frå tidlegare forsøk at unge veljarar har høg valdeltaking og at dei set saker på dagsorden som elles ikkje får like mykje merksemd, seier Katanasho.

Forsking som visast til på LNU sine nettsider, syner at deltakinga blant 16- og 17-åringar som får delta i val, er nesten 15 prosent høgare enn fyrstegongsveljarar i aldersgruppa 18 til 21 år.

– Når ungdom får delta i demokratiske prosessar, blir sakene dei er opptekne av løfta fram. Det er berre unge som veit korleis det er å vera ung i dag, seier Katanasho.

– 16-åringar bør få stemma i alle val

Senterpartiet stemte seinast i 2022 mot at 16-åringar skulle få stemmerett ved kommune- og fylkestingsval, men no har partiet snudd i ei enkeltsak. Det reagerer barneombodet på.

– Regjeringa må ha ei prinsipiell tilnærming til unges valdeltaking. Dei kan ikkje drive «cherry-picking», ved å la ungdom stemme berre når det kan tena formålet, skriv barneombod Inga Bejer Engh i eit meiningsinnlegg i Fædrelandsvennen.

Går mot lausriving

I ei meiningsmåling gjennomført av Respons analyse for Fædrelandsvennen kjem det fram at 56 prosent av innbyggjarane i Søgne og Songdalen ønskjer å lausriva seg frå storkommunen.

Berre 37 prosent av innbyggjarar i Søgne og 33 prosent av songdølingane ønskjer å framleis vera del av Kristiansand.

– Dette er ein såpass klår tendens at eg vil bli overraska om det ikkje blir resultatet i folkeavstemminga. Men ei måling er likevel berre ei måling og ei folkeavstemming er noko anna, seier Thore Gaard Olaussen frå Respons analyse til Fædrelandsvennen.

Bekymra for valfusk

Avstemminga om oppsplitting av storkommunen vil føregå digitalt og via poststemmer. Sidan mange mindreårige ikkje har eigen BankID vil mange av desse stemma via post.

Aksjonsgrupper som både jobbar for og mot lausriving har fått bekymringsmeldingar dei siste vekene frå innbyggjarar som uroar seg over tryggleiken rundt valet.

– Me har ingen grunn til å tru at det er noko som vil skje. Det skal seiast at den digitale stemma er den som blir gyldig om det kjem inn både digital- og poststemme, seier Sigurd Berg Aasen frå gruppa «Vi som vil ha Søgne tilbake» til NRK.

Kommunal- og distriktsdepartementet seier til NRK at dei har godt tryggleiksvurderingar av avstemminga, og understrekar at det er ulike krav for folkerøystingar og ordinære val.

– Ei folkerøysting skal gje eit råd til politikarane i ei bestemd sak, skriv Siri Dolven i seksjon for val og lokaldemokrati i Kommunal og distriktsdepartementet.