Hets rammar lokalpolitikken – vanskelegare å få folk til å stille opp

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi opplever at det er mange som synest det er krevjande å stille opp til val fordi mange blir utsette for hets, seier Høgres generalsekretær Tom Erlend Skaug til NRK.

Han fortel at partisekretærane delte bekymringa med kvarandre under eit felles møte i haust. Dei merkar at det har vorte vanskelegare å få kandidatar til å stille i forkant av neste års kommunestyre- og fylkestingsval.

– Det er døme på at lokalpolitikarar blir spytta etter på gata, at dei får kommentarar på alder, utsjånad, kjønn, og i verste fall regelrette drapstruslar. Det er klart at det gjer at mange då ikkje orkar meir, seier han.

Frp, Raudt og MDG mest utsette

Anders Ravik Jupskås er nestleiar hjå Senter for ekstremismeforskning ved UiO. Foto: UiO

Anders Ravik Jupskås, nestleiar ved Senter for ekstremismeforsking, har forska på korleis hets og hatefulle ytringar rammar politikarar.

– Blant lokalpolitikarar er det så mange som 60 prosent av dei under 25 år som seier at dei har opplevd ein ubehageleg førespurnad i kraft av å vere politikar, fortel Jupskås.

Han fortel at Frp er partiet som er mest utsett for hets og truslar. Men også politikarar frå Raudt og MDG er mykje utsette. Hetsen mot politikarar kan utfordre demokratiet på særleg to måtar, ifølgje Jupskås.

– Det eine er jo problem i form av sjølvsensur. At mange politikarar vegrar seg for å delta i debattar på bestemte saker. Det andre er at det får demokratiske problem i form av rekruttering til politikken.


21 år gamle Oda Sofie Pettersen er førstekandidat i MDG Agder, som stiller felles liste til stortingsvalet. Foto: Jonas Stefan