Halvparten av elevane vil lære seg spansk

Nynorsk Pressekontor
Publisert

Tal frå Statistisk sentralbyrå viser at 52 prosent av elevane på ungdomsskulane vel spansk som framandspråk. Det talet har auka stabilt sidan 2016.

Samtidig har andelen som vel fransk eller tysk, sokke. Det er no 31 prosent som vel tysk, ein nedgang på 8 prosentpoeng frå 2016.

Det er 16 prosent som vel fransk, ein nedgang på 3 prosentpoeng frå 2013.

Til saman er det to av tre elevar på ungdomsskulen som vel å lære seg eit framandspråk i tillegg til engelsk.

Det er fleire jenter enn gutar som vel eit tredjespråk, og blant dei er spansk og fransk mest vanleg. Tysk er meir vanleg blant gutane.

Innlandet er det einaste fylket der spansk ikkje er på topp. Der vel 45 prosent av elevane med framandspråk å lære seg tysk.

Oslo har den høgaste andelen franskelevar. Der vel 26 prosent fransk.


Startside for Duolingo-appel på telefon

Det har kome fleire digitale verktøy for å lære seg nye språk dei siste åra. Duolingo er blant dei mest populære. Foto: Birgitte Vågnes Bakken/Framtida.no