Dette er dei mest populære framandspråka å lære seg

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det var mange rundt om i landet som sette seg ned under pandemien i 2020 med eit mål om å lære seg eit framandspråk.

Ein av dei mange hjelpemidla å lære seg nye språk på, er gjennom den populære mobilapplikasjonen Duolingo. Han har fleire hundre millionar nedlastingar.

I ein e-post til Nynorsk pressekontor, skriv kommunikasjonsavdelinga hos Duolingo at dei fem mest populære språkkursa deira i Noreg det siste året er: 1. Spansk, 2. Norsk, 3. Fransk, 4. Tysk og 5. Engelsk.

– Barn vil lære språk foreldra ikkje kan

Den rangeringa stemmer overeins med framandspråksfaga til ungdomsskuleelevar i 2018.

Sju av ti elevar i ungdomsskulen hadde eit framandspråk i tillegg til engelsk det året.

Spansk var det mest populære. Blant vaksne var det tysk som dominerte som andre framandspråk.

Åsta Haukås er utdanna språklærar og har undervist i tysk, engelsk og norsk i skulen. Ho har doktorgrad i tysk og forskar på læring av tredjespråk.

Ho trur at spansk er det mest populære språket fordi mange har ei tilknyting til landet.

– Mange føler seg nok tettare til Spania enn andre land fordi dei reiser dit på ferie. Det er òg eitt av dei «nye» språka det blir undervist i på ungdomsskulen og i vidaregåande. Det skapar interesse. Barn vil gjerne lære seg språk foreldra deira ikkje kan.

– Alle menneske er fødde med ein naturleg disposisjon til å lære seg nye språk, seier Guro Busterud ved Universitetet i Oslo. Foto: Peder Skjelten / NPK

Spansk minst motiverande

Trass i at spansk er det mest populære tredjespråket å studere, er det det språket, av spansk, fransk og tysk, elevane er minst motiverte for å lære seg.

– Det kan verke nytt og kult, men alle språk har ein grammatikk ein må jobbe med. Då kan det vere at forventningane ikkje lever opp, forklarar Haukås.

Engelsk er det mest utbreidde andrespråket også blant vaksne. Tysk er det ikkje-skandinaviske språket som er minst utbreidd av engelsk, spansk og fransk. Tysk kan likevel vere eit enklare språk å lære seg enn spansk eller fransk, seier Haukås.

– Vi har mange felles ord med tysk og er i same språkfamilie. Det tek difor ofte kortare tid å kome seg på eit visst nivå, samanlikna med fransk og spansk. Men ein må framleis leggje inn ein innsats for å lære språket.

Spansk er meir populært som tredje framandspråk blant tenåringar, medan vaksne er meir opptekne av tysk. Illustrasjonsfoto: Berit Roald / NTB/ NPK

Norsklæring

At norsk er det nest mest populære språket å lære på Duolingo kan kome av at fleire innvandrarar og turistar brukar Duolingo-kursa i Noreg. Men kor vanskeleg er det for ein utlending å lære seg norsk?

Guro Busterud, førsteamanuensis i Nordisk Språkvitskap ved Universitetet i Oslo, meiner det er avhengig av kva språk ein kan frå før.

– Eksempelvis har tyskarar ofte rask progresjon når dei lærer norsk. Reint grammatisk har dei to språka fleire likskapar, men norsk har òg mange felles ord med engelsk, som tyskarar vanlegvis kan frå før. I det tyske språket er det òg tre kjønn, som i norsk.

Busterud jobbar med norsk som andrespråk. Ho trur at det er dei som flyttar til Noreg for å studere eller jobbe, med planar om å bli her, som kanskje oftast er mest motiverte for å lære seg norsk.

– Slik blir det i alle språk. Om du studerer spansk i ein norsk skule er du ikkje utsett for språket utanfor klasserommet. Det blir du om du studerer spansk i Spania.

Digitale verktøy

Haukås nemner dei digitale verktøya Tandem, Duolingo og YouTube som du kan bruke for å bli betre i nye språk.

Men det viktigaste er å jobbe konsekvent med språket – gloser og lydar – for å lære det.

– Ein blir aldri ferdig med å lære eit språk. Eg har doktorgrad i tysk men føler det er fleire område og ord i tysk eg ikkje kan nok om. Det handlar om å leggje ned tid. Jobbar du jamt og trutt i 30 minutt kvar dag kan du lære deg ganske mykje på eitt år. Då kan du til dømes halde ein vanleg samtale med ein tyskar – på tysk.

Å vere omringa av språket til kvar tid er blant dei beste måtane å lære seg eit nytt språk på. Busterud seier difor at digitale verktøy kan vere til god hjelp, fordi det å lære seg eit nytt språk krev stor innsats, men ho understrekar at det å bli eksponert for språket, og å prøve å bruke det i ulike kontekstar, er viktig.

– Det er mykje læring i å sitje åleine og øve gloser. Men det er ein fordel å bli eksponert for språket og måtte bruke det i ulike situasjonar. Tv og litteratur er andre måtar å eksponere seg sjølv for eit språk, men ein lærer mest av å vere i situasjonar kor ein treng å bruke det.

Fransk er det tredje mest populære språket å lære i Duolingo-appen i Noreg. Foto: Bente Kjøllesdal/Framtida.no

Barn lærer ikkje lettare

Mange trur barn lærer seg nye språk lettare enn vaksne. Språkforskar Haukås seier det er ein myte.

– Flyttar eit barn og ein vaksen til eit anna land, blir barnet omringa av det nye språket i større grad, om det er i barnehage og skule, og lærer dermed raskare. Barn blir ofte flinkare på uttale, men på å snakke riktig er ungdomar og vaksne ofte flinkast.

Alle menneske er fødde med ein naturleg disposisjon til å lære seg språk, fortel Busterud. Men dette endrar seg med alderen.

– Etter puberteten lærer ein seg ikkje språk automatisk ved å bli utsett for det lenger, slik ein gjer i tidleg barndom. Det gjer at, om du til dømes har eit barn på fem år og ein vaksen på tjuefem, og begge skal lære seg eit nytt språk samtidig, vil den vaksne ha større progresjon tidleg i løpet. Det er fordi den vaksne har lært seg ferdigheiter for å lære.

– Men i kor likt språket blir til å kunne kalle det førstespråk-likt, har barn større sannsyn for å ha betre uttale i språket. Vaksne kan ende opp med ord og uttale som avslører at dei ikkje har norsk som førstespråk.

Nordmenn har eit høgt språkleg nivå på engelsk, meiner Haukås, men vi er ikkje like dyktige på andre språk som dei er i andre land.

– Det burde vi kanskje vore. Eg skulle difor ønskt vi hadde fleire timar på andre språk enn engelsk i skulen. Det er vanskeleg å lære seg språk med avgrensa timar til det, seier Åsta Haukås.


Reinsdyr vandrar rundt vindmøllene på Storheia vindpark, ein av vindparkane til Fosen Vind.
Foto: Heiko Junge / NTB