Ola Borten Moe er erklært uønskt ved UiO

Studentparlamentet ved UiO har vedteke at forskings- og høgare utdanningsministeren er «persona non grata».

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Torsdag kveld vedtok Studentparlamentet ved Universitetet i Oslo ein resolusjon om at høgare utdanningsminister Ola Borten Moe (Sp) er uønskt. Resolusjonen trer i kraft med det same.

Oline Marie Sæther er leiar for Studentparlamentet ved UiO. Foto: Studentparlamentet

– Det er vanskelege tider for studentar med ein trong økonomi. Studentar opplever at dei ikkje vert prioriterte, og vi tenkjer at denne resolusjonen er eit uttrykk for denne frustrasjonen.

Det sa studentparlamentleiar Oline Sæther til Universitas i forkant. Avisa var òg først til å omtale vedtaket.

Meiner statsråden har nedprioritert studentvelferd

Juridisk Studentutvalg (JSU) fremja resolusjonen, fordi dei meiner Borten Moe over lenger tid har nedprioritert studentvelferd.

JSU meiner han har «vist en manglende interesse i å skjøtte sitt ansvar for å utvikle og styrke sektoren for høyere utdanning», ifølgje Universitas.

Arbeiderbevegelsens studentliste (A-lista) var dei einaste representantane som var imot å vedta resolusjonen.

Kva konsekvensar vedtaket vil ha i praksis er framleis uklårt. Det lyt parlamentet ta stilling til om statsråden planlegg eit besøk til campus.

– Det er først og fremst ei politisk utsegn om kva studentane meiner om Borten Moe, og det kjem vi til å ta med oss vidare uavhengig om han skulle kome til UiO eller ikkje, seier Sæther til Universitas.

Studentparlamentet vedtok i tillegg å sende resolusjonen vidare til Norsk studentorganisasjon.


NSo-leiar Maika Marie Godal Dam (Foto: NSO/ Skjalg Bøhmer Vold )