Tysk topp-politikar vil avskaffa asylretten

Magnus Rotevatn
Publisert

I Noreg har det i sommar vore heftig debatt etter at Unge Høgre-leiar Ola Svenneby tok til orde for inn­strammingar i innvandringspolitikken.

Systerpartiet til Høgre – Christlich-Demokratische Union (CDU) – har starta ein liknande debatt i Tyskland.

– Konstruksjonsfeilen i den europeiske asylretten, og med det også den tyske asylpraksisen, er at er at den er basert på ei lygn: Me gjorde asylretten til ein individuell rett, men var ikkje budde til å innfri krava som i uavgrensa omfang blei resultatet, skreiv Thorsten Frei måndag i avisa Frankfurter Allgemeine Zeitung. Han er leiar for CDU si gruppe i nasjonalforsamlinga Forbundsdagen.

Frei ynskjer å avskaffa den individuelle retten til å søkja asyl.

Han vil heller at Europa skal henta ein årleg kontingent på mellom 300 000 og 400 000 menneske som treng vern direkte frå utlandet. Dette meiner Frei vil føra til at fleire av dei mest sårbare får hjelp.

Thorstein Frei snakkar frå talarstolen i Forbundsdagen i Berlin.

Thorsten Frei representerer CDU i Forbundsdagen. Han ynskjer å reformera asylpolitikken.
Foto: Tobias Koch (www.tobiaskoch.net)

Historielaust

Frei sitt forslag har møtt kraftig motbør frå politikarar i andre parti.

At CDU-politikaren Thorsten Frei no ynskjer å kasta denne sigeren for sivilisasjon over bord er historielaust og viser kor langt til høgre partiet hans har gått, seier flyktningspolitisktalsperson i partiet Die Linke Clara Bünger i ei pressemelding.

– Det er tydelegvis sesong for agurk-nytt, kommenterte utanriksminister og leiar for miljøpartiet Die Grünen Annalena Baerbock ifylgje Der Spiegel.

Annalena Baerbock ved ein talarstol

Annalena Baerbock er utanriksminister i Tyskland.
Foto: FDCO/Rick Robbins

Europeisk innvandringspolitikk blir strengare

Ifylgje flyktningrekneskapen til Flyktninghjelpen er det litt meir enn 100 millionar menneske på flukt i verda. Omtrent 15 millionar av desse er i Europa.

Fleire europeiske leiarar har ynskja ei strengare innvandringspolitisk linje. Og det blir stadig tatt skritt i den retninga.

På sundag blei det kjent at EU inngår eit samarbeid med tunisiske styresmakter om handtering av migrasjon. Dette skal styrka yttergrensa til EU.

Ung kvinne i hijab og redningsvest. Tre gutar i bakgrunnen.

Flyktningar i Middelhavet som har blitt redda av Ocean Viking i 2022.
Foto: AP Photo/Jeremias Gonzalez

Majoriteten av dei som forsøkjer å kryssa Middelhavet frå Afrika til Europa seglar frå Tunisia. Det er ei farefull ferd.

Omtrent 2000 migrantar har så langt i år mista livet i forsøk på å koma seg over Middelhavet.

Mange møter òg motstand frå statelege styresmakter. Tidlegare i juli fyrte den libyske kystvakta av skot mot det norske redningsskipet Ocean Viking. Dette melder Transit magasin.


Barn og kvinner som har flykta frå Ukraina, søv i eit provisorisk tilfluktsrom på togstasjonen i Polen. 3. mars 2022.
(AP Photo/Markus Schreiber)