Reagerer på «innvandringsstopp»-utspel: – Det er menneske vi pratar om

Edith Meek Allern
Publisert

– Det er menneske vi pratar om, ekte menneske, som er på flukt og treng beskyttelse, seier leiar i Solidaritetsungdommen, Amanda Hylland Spjeldnæs. 

Ho er i Libanon og jobbar frivillig gjennom organisasjonen Circle of Being på eit kvinnesenter i området Bar Elias. Der bur det mange palestinske og syriske flyktningar, seier Hylland Spjeldnæs til Framtida.no over telefon.

Ho fortel at det har vore ei kontrastfylt oppleving å besøke flyktningleirar og samstundes følgje debatten i Noreg om foreslått innvandringsstopp.

– Eg sat ansikt til ansikt i dag med kvinner som fortalde om situasjonen deira som flyktningar. Dei har ingenting, er ikkje trygge, og er på flukt. Samstundes er dei mødrer, søstrer, ingeniørar, legar og har ein heil del andre identitetar. Dei er menneske. Flotte, fantastiske menneske. Heime snakkar ein om flyktningar som tal og ei byrde. Det er så stor kontrast, seier Hylland Spjeldnæs, og legg til at ho må konsentrere seg for å ikkje bli for sint.

Tek til orde for innvandringsstopp

– Vi får eit samfunn som er i ferd med å falle frå kvarandre, sa Unge Høgre-leiar Ola Svenneby i eit intervju med Aftenposten laurdag. 

Utsegna kom i kjølvatnet av to saker i Oslo-skulen: handhelsingsnekt på ei vitnemålutdeling og ein familie som tek dottera ut av nærskulen i Groruddalen grunna utfordringar med kulturforskjellar. Familien fortel til Aftenposten om at jenter ikkje får overnatte hos jenter, at mange ikkje kan leike etter skulen grunna koranskule, om skjellsord mot skeive og at mykje blir stempla som haram. Dottera fekk slengt stygge ord etter seg for å ha kort hår og posete bukser. 

– Eg meiner desse sakene er tydelege døme på at vi har nokon ganske grunnleggjande problem vi ikkje har løyst knytt til innvandring, sa Svenneby til Aftenposten og viste vidare til høva i Sverige og Frankrike. 

Unge Høgre-leiaren foreslår å setja antalet kvoteflyktningar til null, avgrense familiegjenforeining og gå vekk frå asylsystemet slik det er i dag.

I staden skal ein gi støtte til nærområda og kollektiv beskyttelse til grupper etter politiske vedtak, slik som er gjort for ukrainarar og bosniarar. Arbeidsinnvandring meiner han ikkje treng avgrensast.

Portrett.

Unge Høgre-leiar Ola Svenneby. Foto: Unge Høgre

– Kan ikkje lage integreringspolitikk ut frå enkelthendingar

Linda Noor er dagleg leiar i Minotenk, minoritetspolitisk tenketank. Ho synest historia om jenta som byter skule er alvorleg, men meiner saka om handhelsing er blåst ut av alle proporsjonar.

Forslaget til Svenneby om innvandringsstopp, meiner ho likevel ikkje vil gjere noko for sakene han tek utgangspunkt i. 

– Han ser ut til å tolke det som symptom på veldig store verdikonfliktar. Eg veit ikkje kva forsking eller spørjeundersøkingar han har lese, sidan all forsking tyder på at jo meir butid i Noreg, jo likare blir ein resten av befolkninga i verdispørsmål, seier ho, og trekk fram som døme at oppslutninga om likestilling som verdi er veldig stor i undersøkingar gjort blant muslimar.

Ho meiner desse hendingane kunne skjedd uavhengig av om barna hadde innvandrarbakgrunn. Noor meiner at det i ei globalisert verd er faktorar som kan ha meir å seie enn opphavsland, og peikar til dømes på konservative påverkarar på internett. At nokon ikkje handhelser, meiner ho blir kunstig å tilskrive innvandrarbakgrunn.

– Vi veit mykje om integrering i Noreg, vi går ikkje rundt i blinde. Vi kan ikkje lage integreringspolitikk ut frå enkelthendingar, men det vi veit frå forsking og utgreiingar, konkluderer ho.

Portrett.

Linda Noor er dagleg leiar i tankesmia Minotenk. Foto: Minotenk

Ifølgje Noor er det viktigaste for å lykkast med integrering å jamne ut sosioøkonomiske forskjellar. Ho peikar på at det er store forskjellar mellom majoritetsbefolkninga og minoritetsgrupper innan sysselsetjing, helse, barn som lever med vedvarande låginntekt, diskriminering og vilkår for kvinner. 

Noor understrekar at integrering ikkje er det same som assimilering, men handlar om å bli ein del av samfunnet. Alle tal og undersøkingar viser at Noreg i all hovudsak lykkast godt med integrering, ifølgje Noor. 

Spreidd busetjing

I 2019 tok Noor til orde for ei busetjingspause av flyktningar i Oslo. Ho ser framleis på det som eit viktig integreringstiltak å sikre spreidd busetjing av flyktningar, framfor ytterlegare busetjing i område med store levekårsutfordringar. 

– Nokre bydelar har høg førekomst av ei rekkje levekårsutfordringar. Til dømes mange barn som lever i hushald i vedvarande låginntekt, høg arbeidsløyse, stort fråfall frå vidaregåande skule særleg blant gutar og så vidare. Aktørar som barnevern og helsestasjonar har sprengd kapasitet. Ved ei opphoping av utfordringar på same stad, må ein ta tak i dei før ein òg får i oppgåve å busetje flyktningar, seier Noor. 

– Der det er ei opphoping av ulike levekårsutfordringar, er det òg mindre kapasitet til å handtere konfliktar som krev mange ressursar, som mobbesaker eller det ein kan kalle kulturelle konfliktar, legg ho til.

– Vi kan ikkje melde oss ut av verda

Noor meiner forslaget frå Ola Svenneby er så usolidarisk at Noreg ville fått svekka omdømme internasjonalt og møtt sterke reaksjonar frå våre naboland land, om det blei ein realitet.

– Vi, av alle, kan ikkje melde oss ut av verda. Vi har alle føresetnader for å lykkast med integrering. 

Ho understrekar at vi lever i ei uroleg tid med konfliktar og klimaendringar, som vil drive mange menneske på flukt, og at det snarare trengst at ein engasjerer seg meir. 

Noor er likevel ikkje særleg bekymra for at det blir politikk av forslaget.

– I norsk samanheng er dette langt ute, og Svenneby møter tydeleg motstand frå partifellar. Ikkje eingong FrP har dette programfesta, seier ho. 

Kvinner som pratar saman.

Amanda Hylland Spjeldnæs på kvinnesenteret i Bar Elias, Libanon. Foto: Thea Munkeby i Circle of Wellbeing.

Fryktar normalisering av orda

Sjølv om det ikkje skulle bli politikk, er Amanda Hylland Spjeldnæs uroa for normalisering av både ideen til Svenneby og orda han nyttar. Ho synest tanken på at ein diskuterer innvandringsstopp som eit reelt alternativ, er skremmande. 

– Måten han snakkar på får det til å høyrest ut som innvandring er eit problem, noko negativt vi må løyse. Vi meiner innvandring og mangfald er noko som gjer oss til eit sterkare samfunn, berre vi er gode på inkludering. Eit samfunn av openheit, forståing og respekt, seier Hylland Spjeldnæs. 

I Solidaritetsungdommen og Norsk Folkehjelp nyttar ein ordet inkludering framfor integrering, forklarar Hylland Spjeldnæs:

Målet er ikkje at innvandrarar skal bli like som nordmenn, men at innvandrarar skal bli inkludert i det norske samfunnet, seier ho, og understrekar viktigheita av arbeid mot rasisme. 

– Eg har mine tvil om det å snakke om innvandringsstopp skulle føre til eit betre samfunn med meir openheit, forståing og respekt. Eg trur heller det leiar med seg framandfrykt og rasisme, legg ho til. 


Les innlegget: «Svennebys utspel dummar ned samfunnsdebatten» 

Ung kvinne med briller og skjerf

Marte Hansen Haugan