«Ukrainarane er ikkje dei einaste som er verde vår hjelp»


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Dette er eit meiningsinnlegg, og gjev uttrykk for skribenten sine eigne haldningar. 

Det er krig i Europa, og vi er i byrjinga av den største flyktningkrisa på vårt kontinent sidan 2. verdskrig.

Folk opnar opp hjarta sine, heimane sine, og lommebøkene sine for over 2 millionar ukrainske flyktningar som rømmer frå Putin sitt terrorvelde.

Fleire enkeltpersonar reiser også ned med bussar fulle av klede og medisin, og andre reiser nedover for å hente folk ut av landet.

Europa møter dei ukrainske flykningane med opne armar. Det same gjer Noreg.

Noko som skurrar

Sjølv om eg synest dette er flott og den riktige måten å møte flyktningar på, så er det noko som skurrar.

Det er ikkje mange år sidan vi sist brukte ordet flyktningkrise i Europa.

Då kom flyktningane i stor grad frå Syria og Afghanistan, og desse vart ikkje møtte på same måte som ukrainarane vert i dag – langt i frå.

I 2015-2016, og fram til i dag, så har målet vore og er framleis, å halde ikkje-europeiske flyktningar ute frå Europa. Dette kan ein sjå på fleire vis.

Høge piggtrådgjerder

Ved dei europeiske grensene er det høge gjerder for å halde folk ute, med piggtråd på toppen. Under flyktningkrisa vart same type gjerder også laga inne i Europa for å stoppe flyktningstraumen i å nå andre europeiske land.

Der ein ikkje har kunna laga slike piggtrådgjerder har ein sett ut kystvakt. Ikkje for å hjelpe dei som flyktar i ueigna fartøy, men for å stoppe dei i å kome til det europeiske fastlandet.

Tid som våpen

Mange av dei som har kome seg til det europeiske fastlandet blir sette i flyktningleirar. Her blir dei sittande i år etter år. Tid blir brukt som eit våpen mot desse menneska.

Tid blir også brukt som eit våpen mot dei som har fått moglegheit til å søkje asyl. Dette kan ein sjå her i vårt eige land. Mange må vente fleire år før dei får svar på asylsøknaden. Og mange ønskjer den norske stat å kaste ut etterpå.

Ikkje flyktningar i same grad

Ein kan også sjå det på retorikken. Dei som flyktar frå land utanfor Europa er illegale immigrantar, eller lykkejegerar.

Ikkje-europeiske menneske som rømmer frå krig og konflikt er ikkje flyktningar i same grad som europeiske menneske som rømmer av same grunn. I alle fall ikkje i følgje media og somme politikarar.

Kvifor behandlar vi desse flyktningane så ulikt? Kvifor vekkjer dei ulike kjensler i oss?

Kjenner seg nærare

Dei siste dagane har dette vorte diskutert mykje, og dei moglege forklaringane på desse spørsmåla er mange.

Det vert vist til religion, hudfarge, geografi, økonomi, Schengen-avtala, Dublin-samarbeidet, kjønn og mediedekning.

Kombinasjonen av alle desse faktorane gjer det truleg lettare for folk flest å sette seg inn i situasjonen til ukrainarane, mange kjenner seg nok nærare dei enn flyktningar frå Syria, Afghanistan eller andre land utanfor Europa.

Legitimerer ikkje den ekstreme forskjellsbehandlinga

Men sjølv om flyktningkrisa vi står overfor i dag er annleis enn den vi stod overfor i 2015-2016, legitimerer ikkje dette den ekstreme forskjellsbehandlinga av menneske på flukt.

Det at mange tydelegvis finn det lettare å sette seg inn i situasjonen til ein ukrainar enn ein afghanar, rettferdiggjer ikkje at vi hentar den fyrste gruppa i bussar, medan vi tvangsreturnerer den andre.

Vi er alle einige i at vi skal hjelpe flyktningane frå Ukraina.

Men det hadde vore fint om vi kunne ha vore einige om at dei ikkje er dei einaste som er verde vår hjelp.


Kva meiner du? Send oss eit meiningsinnlegg på e-post til tips(a)framtida.no.
(Her finn du skrivetips).

Ein ukrainsk brannmann dreg brannslangar inn i ein stor fabrikk som er øydelagd av luftåtak. Foto: AP Photo/Vadim Ghirda