Kvar tiande sørlending «grøssar» ved tanken på homofile menn

Nynorsk Pressekontor

Sørlendingar er mest negative i landet til seksuelle minoritetar, kjønnsidentitetar og -uttrykk, skriv Fædrelandsvennen i omtalen sin av Bufdir-funna.

Tala viser at 10,5 prosent «grøssar ved tanken på homofile menn».

  • 17,3 prosent er usamde i at homofile skal ha same rettar som heterofile.
  • 22,1 prosent ville vore ukomfortabel med ein statsminister som var transperson.
  • 25,4 prosent er negative til personar som ser på seg sjølv som både kvinne og mann.
  • 27,2 prosent er negative til personar som ikkje ser på seg sjølv som verken kvinne eller mann.

Undersøkinga omfattar i tillegg til Sørlandet også Telemark og Vestfold fylke.

Styreleiar Bassel Hatoum i organisasjonen Skeiv Verden seier han ikkje er overraska. Han har lenge prøvd å få til eit nettverk for skeive immigrantar i Kristiansand og han fortel til Fædrelandsvennen at mange flyttar til Oslo og Bergen, der det er større miljø.

– Mange skeive immigrantar blir isolerte og fortel om einsemd, utanforskap og psykiske problem. Og det er verre i Agder enn i landet elles. Det handlar ikkje minst om negative haldningar overfor skeive blant sørlendingar, trur Hatoum.


  • Les også:

Uganda innfører livstid- og dødsstraff for homofile