Hardt ut mot norsk oljeproduksjon: – Absurd å kalle dykk klimaleiarar

Klimaaktivist Vanessa Nakate meiner vestlege land burde vise at klimamåla ikkje berre er tomme ord.

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I ein video på Instagram går Vanessa Nakate (26) hardt ut mot norsk og britisk oljepolitikk, og Equinor sitt planlagde Rosebank-prosjekt vest for Shetland-øyene.

– Nokre privilegerte få tener stort i profitt på å hente ut og brenne skitent, ureinande drivstoff, som skadar liv og levevilkår verda over, og akselererer klimakollaps, seier Nakate i videoen.

Nakate er klimaaktivist og forfattar av boka A Bigger Picture: My Fight to Bring a New African Voice to the Climate Crisis.

Ho viser til at forskarar har åtvara om at vi ikkje kan opne nye oljefelt om vi vil ta vare på klimaet, og hevdar at Storbritannia og Noreg lukkar øyra for vitskapen og let vere å ta ansvar for sine bidrag til klimakrisa.

– Det er absurd at rike land som Storbritannia og Noreg kallar seg sjølve klimaleiarar når de lyg og held fram med å spreie fossilt drivstoff, seier ho.

– Svarar til utslepp frå 28 land

Nakate trekker spesifikt fram Equinor sine planar om å opne det nye Rosebank-oljefeltet utanfor Shetland. Ifølge Equinor sjølv ventar dei å produsere 300 millionar oljefat på feltet, men talet kan strekke seg heilt opp mot 500 millionar.

Nakate viser til at dette er det største oljefeltet i Storbritannia som enno ikkje er utvikla. Ho påpeiker at oljen frå dette feltet vil stå for større utslepp enn dei 28 fattigaste landa i verda har til saman i løpet av eit år.

– 700 millionar menneske i desse landa, inkludert mitt eige heimland, Uganda, har historisk sett bidrege minst til klimakrisa, men lir allereie under konsekvensane av krisa som er forårsaka av rike nasjonar. Vi har sett tørke, flaumar og jordskred som påverkar liva til så mange folk, seier Nakate.

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av Vanessa Nakate (@vanessanakate1)

– Treng framleis olje og gass

Ola Morten Aanestad, pressetalsperson for internasjonal leiting og produksjon for Equinor, skriv i ein e-post til Framtida at Rosebank er eit mellomstort prosjekt på britisk sokkel som kan gjere britane mindre avhengige av import.

– Anten vi likar det eller ikkje, er det ingen scenario som tilseier at etterspurnaden etter olje og gass vil forsvinne dei næraste tiåra. Då er det viktig at den oljen og gassen som verda treng, vert produsert med lågast mogleg karbonavtrykk og på ein ansvarleg måte, skriv Aanestad.

Han legg til at etter at Russland invaderte Ukraina og starta ein «energikrig» mot Europa, er det endå viktigare at vestlege og demokratiske land utviklar sine eigne energiressursar.

– Treng alternativ

Aanestad skriv at Equinor er svært opptekne av klimautfordringa og ønsker å vere eit leiande selskap i det grøne skiftet. Selskapet har ein energiomstillingsplan og ein ambisjon om netto null utslepp i 2050, i tråd med måla i Parisavtalen. Det inneber mellom anna å auke investeringane i fornybar energi og utvikle karbonfangst og -lagring.

Kart over nordre del av Skottland, Shetland og Rosebank

Rosebank-feltet ligg nord for Skottland og 130 kilometer vest for Shetland. Illustrasjon: Equinor

Aanestad meiner det er bra med debatt om energi og klima, men slår fast at ein ikkje kan skru av krana med olje og gass før alternativa er på plass. Det vil føre til energimangel og høge prisar.

– Equinor er svært opptekne av desse problemstillingane, og vi har hatt ein formidabel auke i satsinga på fornybar energi dei seinare åra. Vi har ein ambisiøs energiomstillingsplan, og vil investere fleire hundre milliardar kroner i fornybar energi i åra som kjem, skriv han.

Klimamål eller tomme ord

Også dei norske styresmaktene får høyre det av Nakate. Regjeringa delte i januar ut 47 nye oljelisensar. Olje- og energiminister Terje Aasland (Ap) slo fast at Noreg skal utvikle, ikkje avvikle, norsk sokkel.

Nakate meiner at styresmaktene snyltar befolkninga si ved å knuse eigne klimamål og å ta frå folk rimeleg grøn energi.

Vanessa Nakate. Foto: Paul Wamala Ssegujja/Wikimedia Commons.

– De kastar brensel på klimakrisa som vi allereie lir under. Å godta nye, svære oljefelt midt i ei klimakrise skyver oss nærare mot at deler av verda blir uråd å bu i.

Ho påpeiker at rike land i vesten har ressursane til å hindre at klimakrisa held fram med å akselerere. Men i staden for ein rask overgang til fornybar energi, gir staten vekk pengane som skattelette for oljegigantar.

– Eg vil be Noreg og Storbritannia om å stoppe Rosebank og all ny utvikling av fossilt drivstoff. Skaff billegare, reinare, fornybar energi, heime og i utlandet. Dette er dykkar sjanse til å vise at klimamåla er meir enn tomme ord, seier ho.


Gina Gylver, leiar i Natur og Ungdom. Foto: Isabelle D.F. Poole