Greenpeace og Natur og Ungdom går til nytt klimasøksmål mot staten

Nynorsk Pressekontor
Publisert

Nyleg har regjeringa godkjent planar for utbygging og drift av dei nye felta Tyrving, Breidablikk og Yggdrasil i Nordsjøen. Miljøorganisasjonane meiner dette bryt med krav frå Høgsterett frå sist dei saksøkte staten, melder NRK.

– Regjeringa trassar klimavitskapen og vår eigen Høgsterett når han tillèt nye oljefelt utan å greie ut om desse er i samsvar med eit leveleg miljø, seier Frode Pleym, leiar i Greenpeace Norge til kanalen.

Høgsterett frikjende staten

I søksmålet i 2020 vart staten frikjend på alle punkt i Høgsterett. Retten meinte einstemmig at tildelinga av oljelisensar i Barentshavet i 2016 verken var brot på Grunnlovas miljøparagraf eller Den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK), slik saksøkjarane hevda.

Miljøorganisasjonane demonstrerte mot Wisting-feltet i oktober. Her serverer NU-leiar Gina Gylver, Naturvernforbund-leiar Truls Gulowsen og Greenpeace-leiar Frode Pleym.
Foto: Rasmus Berg/Natur og Ungdom/Flickr

Retten meinte at det først og fremst er viss staten ikkje set i verk klimatiltak, paragrafen kan brukast. Domarane viste mellom anna til at staten har sett i verk ei rekkje klimatiltak, og sett seg mål for å få ned utsleppa.

Ifølgje miljøorganisasjonane førte dommen med seg gjennomslag om at staten ikkje berre har rett, men også plikt til å nekte nye oljefelt av omsyn til klima og miljø, og at staten pliktar å greie ut dei globale klimaverknaden av nye oljefelt før desse blir godkjende.

NU: – Urettvis byrde

Leiar i Natur og Ungdom, Gina Gylver, meiner det er på høg tid at regjeringa tek omsyn til borns beste i avgjerder knytt til å byggja ut meir fossil energi.

– For kvart nye oljefelt, overlet regjeringa større og større utsleppskutt til neste generasjon og gjer omstillinga til grøne næringar endå vanskelegare. Alt dette er ei vanvitig urettvis byrde for dagens unge. No tek vi kampen for våre rettar inn til domstolane, seier Gylver i ei pressemelding frå organisasjonane.


Elise Sørensen frå Natur og Ungdom reiste til Tyskland for å delta på demonstrasjon mot gruvedrift. Foto: Isabelle D. F. Poole/Natur og Ungdom/Flickr/CC BY-ND 2.0