Vanessa Nakate (26) er nominert til Nobels fredspris – kritiserer Noreg for hykleri

Den ugandiske klimaaktivisten er nominert saman med Greta Thunberg.

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Begge to begynte å demonstrere åleine utanfor parlamenta i Sverige og Uganda, men har inspirert millionar til å verte med, seier Lan Marie Berg til NTB.

MDG-politikaren har no nominert ugandiske Vanessa Nakate og svenske Greta Thunberg til Nobels fredspris.

Kampen for klimahandling

Dei to klimaaktivistane samarbeider ofte i kampen mot klimaendringar og for klimahandling. Begge to talte under klimakonferansen Youth4Climate i Milano i 2021.

Før klimatoppmøtet i Glasgow same året var dei blant avsendarane i eit opent brev med klimakrav til verdsleiarane.

– Millionar vil lide medan planeten vår vert øydelagd – ei skremmande framtid vil verte skapt, eller unngått, av avgjerslene de tek. De har makta til å velje, skreiv dei då.

På under eitt døgn hadde nesten 1 million skrive under brevet.

Norsk hykleri

Tysdag heldt Vanessa Nakate opningstalen, då den årlege Norad-konferansen gjekk av stabelen i Oslo. Klimaaktivisten nytta då høvet til å kritisere norske styresmakter for oljeindustrien:

– Noreg likar ofte å framstille seg som ein klimaleiar. Men førre veke annonserte den norske regjeringa at dei ville lyse ut eit rekordtal olje- og gassblokker i Arktis, sa Nakate.

26-åringen viser til dei 92 nye oljeblokkene regjeringa lyste ut i Norskehavet og Barentshavet førre tysdag.

– Høyrest dette ut som klimaleiarskap? Kor mykje hykleri må verte avslørt før verda seier no er det nok? 

Nakate tok til orde for at Noreg bør avslutte alle nye investeringar i oljeindustrien, og nytte milliardane vi har tent på fossilbare brensel til å sørge for fornybar energi til landa som treng det mest.

– Det er på tide å stoppe den moralske og økonomiske galskapen. Det er på tide å stoppe hykleriet og løgnene. Noreg, du kan ikkje få i pose og sekk. Nok er nok, avslutta klimaaktivisten.


Elise Sørensen frå Natur og Ungdom reiste til Tyskland for å delta på demonstrasjon mot gruvedrift. Foto: Isabelle D. F. Poole/Natur og Ungdom/Flickr/CC BY-ND 2.0