Stortinget har vedteke ny opplæringslov
Retten til vidaregåande opplæring og opplæring til vaksne har mellom anna blitt utvida i den nyeopplæringslova.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Den nye opplæringslova vidarefører fleire av reglane frå dagens opplæringslov og skal etter planen gjelde frå august neste år.
– Den nye opplæringslova inneber historiske utvidingar av rettane til elevane. Dei får rett til vidaregåande opplæring til dei faktisk har fullført skulen, rett til å bytte utdanningsprogram viss dei ombestemmer seg og moglegheit til å ta fleire fagbrev, seier kunnskapsminister Tonje Brenna i ei pressemelding frå regjeringa.
I tillegg vil oppfølgingstenesta bli utvida frå å gjelde fram til ein er 24 år, ikkje berre opp til 21 år. Det betyr at fleire unge som har falle ifrå skulen får hjelp til å kvalifisere seg til arbeidslivet.
Opplæringslova regulerer skulekvardagen til 820 000 barn og unge i Noreg. Dagens opplæringslov er 25 år gammal og har blitt endra nesten kvart år sidan ho vart vedteken.