Ungdomsorganisasjonar krev like læringsvilkår for nynorskelevar

Fleire ungdomsorganisasjonar krev at Stortinget sikrar nynorskrettane ved at læringsressursar laga for bruk i skulen har nynorskkrav.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tobias Christensen Eikeland er leiar i Norsk målungdom. Foto: Kristianne Marøy.

– I eit samfunn som er dominert av bokmål, er det mange nynorskelevar som opplever eit sterkt press mot språket sitt. Kvart år skiftar elevar i hopetal frå nynorsk til bokmål, særleg i overgangen frå ungdomsskule til vidaregåande skule.

Det seier Tobias Christensen Eikeland, leiar i Norsk Målungdom.

– Vi fryktar at denne tendensen vil bli forsterka dersom Stortinget ikkje sikrar nynorskrettane.

Dei har no gått saman med AUF, Sosialistisk Ungdom, Unge Venstre, Unge Sentrum, Elevorganisasjonen og Pedagogstudentene i Utdanningsforbundet om eit nytt opprop.

Her ber dei Stortinget leggje læringsressursar som er laga for bruk i opplæringa inn under parallellitetskravet om bokmåls- og nynorskversjon.

– Berre slik kan nynorskelevane få ein skulekvardag på språket sitt, skriv dei i oppropet.


Leiar i Noregs Mållag Peder Lofnes Hauge. Foto: Jannica Luoto