Ny forsking skal hjelpe unge med sprøyteskrekk
Éin av fem unge i Noreg er redde for å ta sprøyter, går det fram av ei undersøking gjennomført av Norstat på vegner av Noregs ingeniør- og teknologorganisasjon (NITO).
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Når denne gruppa deretter blei spurde om sprøyteskrekk har hindra dei i å oppsøkje legehjelp eller ta blodprøver, svarte 27 prosent ja. 16 prosent svarte at dei har late vere å bli vaksinerte, skriv NRK.
I eit samarbeid mellom Nidaros DPS og St. Olavs hospital i Trondheim får folk hjelp til å takle fobiar. Blant dei er sprøyteskrekk. Den første dagen får pasientane snakke med ein psykiatrisk sjukepleiar. Dei blir også eksponerte for ei rekkje utstyr som mellom anna blir brukt til blodprøvetaking.
På dag to skal blodprøva takast. Då møter pasientane bioingeniørane Tonje Marie Kjøsnes Thorgersen og Gina Mehus Stornes. Dei jobbar begge som fagansvarlege ved Avdeling for medisinsk biokjemi ved St. Olavs.
– Det er eit raskt forløp. Det handlar om eksponering, og ein må berre komme seg gjennom det. For oss er det viktig at pasientane forklarer kva dei synest er skummelt. Vi må finne ut kva dei fryktar og deretter bli samde om korleis blodprøva skal takast, seier Thorgersen.