Klovneskrekk er vanlegare enn andre fobiar: – Killer clowns har vore dårleg reklame

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Oda Holmvik Bredvold er klovnefasilitator. Foto: Privat

– Eg likar veldig dårleg skumle klovnar sjølv. Killer clowns har vore dårleg reklame, absolutt.

Det seier klovnefasilitør Oda Holmvik Bredvold (29) på telefon til Framtida.no. Gjennom kurs og workshops hjelper ho folk å finna sin indre klovn.

Over halvparten er redde

Ny forsking publisert i The Journal of Mental Health indikerer at over halvparten av oss til ei viss grad er redde for klovnar. I ei spørjeundersøking med 987 respondentar svara 53,5 prosent at dei til ei viss grad var redde for klovnar. 5 prosent svara at dei var ekstremt redde, noko som er meir enn andre fobiar.

Det betyr at coulrofobi, som er frykt for klovnar, ser ut til å vera meir utbreidd enn andre vanlege fobiar.

Bredvold vart veldig overraska over at frykt for klovnar var såpass utbreidd, men då ho såg bileta som var brukt til å illustrera forskinga i The Conversation, gav det meir meining.

– Som det står i artikkelen så er popkultur med på å måla eit bilete av kva klovning er. Det er ikkje nokon allmenn kunnskap om at det finst masse ulike formar for klovning, seier Bredvold, og legg til:

– Eg trur det er veldig todelt. Folk som veit om sjukehusklovnane tenkjer nok ikkje så svart/kvitt på om klovnar er vonde eller gode, som dei som berre har fått med seg skrekkfilmen It og kjipe folk i klovnekostyme som trugar folk. Så eg forstår godt at dei er redde.

Skodespelar Bill Skarsgård i rolla som klovnen Pennywise i skrekkfilmen “It”. Foto: Warner Bros

Anarkistiske klovnar

Bredvold er snart ferdig utdanna klovnefasilitør frå Nose to nose-organisasjonen i Storbritannia. Denne forma for klovning er emosjonsfokusert, der deltakarane finn sin indre klovn gjennom improvisasjon og leik.

Denne forma for klovning føregår utan sminke, store sko, sjonglering og ballongdyr, som gjerne er forbunde med sirkusklovnen, eller klovnar som opptrer i barnebursdag.

Som klovnefasilitør plar ein gjerne inkludera publikum i historieforteljinga, der sirkusklovnane gjerne har ein fast karakter og rutine.

Bredvold peikar på at dette skil seg frå sirkusklovnar som gjerne kan ha eit fast hierarki mellom kvarandre, der nokon er slemme og latterleggjer dei andre.

– Eg kan òg kjenna på at eg blir skeptisk til om dei vil meg vel eller ikkje. Det finst døme på klovnar som er veldig anarkistiske, seier klovnefasilitøren.

Publikumskontrakt

– Relasjonen med publikum er veldig viktig. Ein kan gå inn og vera ein skummel klovn, men ein må seia unnskyld til publikum, seier Bredvold.

I utdanninga er det fokus på at nokre kan vera redde for klovnar, noko Bredvold òg har erfart.

Etter ei visning i England førre veke kom ei dame bort og fortalde at ho vanlegvis var veldig redd for klovnar, men synest visninga var kjempegøy og gjerne ville ta kurs sjølv.

Gjennom arbeid i skulen har ho òg opplevd ein elev som først ikkje ville delta fordi han var redd, men som likevel fekk ei god oppleving.

Manglar andletsuttrykk

Forskarane har spurt respondentane om kvifor dei er redde for klovnar. Dei fann at få hadde ei negativ oppleving med klovnar, medan mange skulda på skumle klovnar.

Den vanlegaste forklaringa var likevel at ein ikkje kunne sjå andletsuttrykka deira, gjerne på grunn av sminke.

– Å ikkje kunna oppdaga kva ein klovn tenkjer eller kva dei vil gjera vidare, gjer nokon av oss nervøse når me er rundt dei, skriv forskarane.

Bredvold kjenner seg att i at ting som er uføreseieleg, kan vera skummelt, og peikar på at det liknar små barn som er redde for personar med masker, til dømes når nokon kler seg ut som julenissen.

– Me har masse spegelnevronar i andletet, og når me ikkje kan ta inn andre sine kjensler, skapar det usikkerheit. Eg kan forstå at det skapar ei oppleving av frykt.


Marianne Hetland (27) arbeider som sjukehusklovnen Alfakrøll. Foto: Ida Brekke, Magnus Skrede.