SSB: Studentane er einsame og slit økonomisk

Åshild Slåen
Publisert

Statistisk sentralbyrå (SSB) publiserte fredag ein rapport om norske studentars levekår. Her ser dei nærare på situasjonen til heiltidsstudentar under 31 år.

I rapporten kjem det fram at dei fleste studentar slit med einsemd, og mange får ikkje pengane til å strekke til.

Sjølv om dei fleste studentar bur i kollektiv, oppgir seks av ti av desse at dei er plaga av einsemd i ulik grad. Heile sju av ti unge heiltidsstudentar som bur åleine, er plaga av einsemd.

Dårleg økonomi

To av tre unge heiltidsstudentar jobba ved sida av studiane hausten 2021. Halvparten av alle studentar med jobb seier at dei jobbar fordi støtta frå Lånekassen ikkje strekk til.

Samtidig får ein av fire studentar pengar frå foreldra sine og reknar dette som ei av inntektskjeldene sine.

Halvparten av unge heiltidsstudentar rapporterer også at dei ikkje har høve til å klare ei uventa utgift på 20.000 kroner. Til samanlikning ligg denne grada på 19 prosent i resten av befolkninga.

Mellom 15 og 24 prosent av studentane får ikkje pengane til å strekke til, og 14 prosent har eit betalingsproblem dei ikkje klarer å betene.


Illustrasjonsfoto: Colourbox