Utval vil styrkje personvernet til norske elevar og studentar

Vi må få betre oversikt over kva data som blir samla inn om barna våre på skulen og korleis dei blir brukte, meiner ei ekspertgruppe.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap) fekk tysdag ein sluttrapport frå gruppa.

– Vi samlar stadig inn meir informasjon om elevane våre utan at det er eit klart formål med innsamlinga. Denne rapporten gir oss ny innsikt og gode tilrådingar som eg no skal setje meg inn i, seier ho.

Ho meiner det er viktige innspel som går inn i det store arbeidet med å ta kontroll over digitaliseringa i skulen.

Utvalet, som er ei ekspertgruppe for digital læringsanalyse, er nedsett av regjeringa og har sett på korleis lærarar, skular, fagskular og universitets- og høgskulesektoren kan bruke digitale spor for å vurdere og justere læringsprosessen hos elevane og studentane sine.

Kunnskapsminister Tonje Brenna fotografert under regjeringas pressekonferanse for born om Ukraina-krigen onsdag 20. april 2022. Foto: Andrea Nøttveit

Fire hovudtilrådingar

I rapporten har gruppa lagt fram fire hovudtilrådingar som strekkjer seg over heile utdanningsløpet:

  • Eit tydelegare rettsleg grunnlag for læringsanalyse i heile utdanningsløpet.
  • Å utarbeide tydelegare reglar for personvern i grunnopplæringa.
  • Å etablere rammer for god læringsanalyse i grunnopplæringa.
  • Å leggje til rette for god personvernpraksis og forsvarleg læringsanalyse.

Utvalsleiar Marte Blikstad-Balas seier at når elevar og studentar jobbar på digitale einingar, legg dei igjen mykje dataspor som fortel om læringsprosessen deira.

– Det vi har gjort, er å prøve å gi svar på korleis data om elevar og studentar kan utnyttast på ein trygg, etisk og pedagogisk forsvarleg måte for å forbetre læringa, seier ho.

Vil ha betre oversikt

Utdanningsminister Brenna meiner vi må få betre oversikt over kva data som blir samla inn om barna våre og korleis dei blir brukte.

– Derfor ønskjer regjeringa å greie ut korleis vi kan opprette ei støtteteneste for kommunane der dei kan få bistand til mellom anna personvernspørsmål ved innkjøp og bruk av læremiddel, seier ho.

Brenna legg til at utvalet stadfestar behovet for fleire tiltak regjeringa la fram i digitaliseringsstrategien sin tidlegare i sommar.


Det kan i praksis bli ulovleg å strøyme barneidrett. Foto: Annika Byrde / NTB / NPK