Redd Barna: Regjeringa må setje i gang tiltak for å sikre at alle ungdommar kan delta digitalt
Sjølv om dei fleste i alderen 13–18 år har digital tilgang, er det likevel nokon som slit med å følgje opp skulearbeid, viser ei ny undersøking
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Omtrent alle 13-18-åringar har mobil og tilgang på PC, viste Medietilsynets undersøking Barn og medium 2022.
Ein ny rapport frå Redd Barna avdekkjer likevel at ein del har såpass dårleg utstyr eller tilgang at dei slit med å følgje opp skulearbeid og bruke offentlege tenester.
– Sjølv om nesten alle 13-18-åringar har mobil og tilgang til PC på skulen eller heime, viser Redd Barnas rapport at for dårleg IKT-utstyr gjer at ikkje alle ungdommar kan delta digitalt på linje med majoriteten. Dette går utover grunnleggjande rettar som skulegang, deltaking i fritidsaktivitetar og tilgang til helsetenester, seier seksjonsleiar Thale Skybak i Redd Barna.
- Les også: Medietilsynet opprettar ungdomsnettverk
Ungdommar i låginntektsfamiliar er spesielt utsette
Dårleg nett heime og lite mobildata er hindringar som gjer det vanskeleg for ein del unge å delta digitalt.
Fire prosent av ungdom på ungdomsskule og vidaregåande skule oppgir til Medietilsynet at dei ikkje har tilgang til skule-PC eller nettbrett på skulen. Dette sjølv om dei fleste skular har ordningar med skule-PC og nettbrett.
Noko som også kan skape problem er erstatningsansvaret for skule-PC.
– Når foreldre må betale for ein øydelagd skule-PC, kan det gå utover ungdom i fattige familiar som ikkje alltid tør å fortelje foreldra at skule-PC-en er sund, seier Skybak.
Medietilsynet er også bekymra for denne gruppa.
– God digital tilgang er viktig for å kunne følgje med på nyheiter og delta i samfunnsdebatten. Derfor er det viktig at alle ungdommar har like høve til digital deltaking, seier direktør Mari Velsand i Medietilsynet.
- Les også meiningsinnlegget: Leila (19) om digitaliseringa: «Menneskerettane våre vert trua»
Fleire gutar har PC heime
Nesten alle, heile 99 prosent, på ungdomsskulen og vidaregåande skule har eigen mobiltelefon, viser undersøkinga Barn og Medium 2022 gjort av Medietilsynet.
Undersøkinga viser også at det er langt fleire gutar enn jenter som har eigen PC heime. Her ligg det på 71 mot 56 prosent.
Redd Barna meiner regjeringa må setje i gang tiltak for å sikre at alle ungdommar kan delta digitalt. Blant forslaga er at alle kommunar bør ha minst ein stad kor unge har tilgang på gratis nett og digitalt utstyr etter skuletid.