Allemannsretten og meir mangfald er saker Benedicte Sivertsen (21) vil kjempe for som ny leiar i DNT ung.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Mine hjartesaker er å sikre at dei kommande generasjonane skal kunne ha glede av naturen og friluftslivet slik som me har i dag, og at friluftslivet skal vere noko alle føler at dei kan ta del i!
Benedicte Sivertsen er ny leiar i DNT ung. 21-åringen har alltid vore glad i å vere ute, samstundes som ho brenn for å ta vare på miljøet og få med fleire ut på tur. Engasjementet hennar vart vekt som 16-åring, då ho fekk vere med på eit årelangt turleiarutviklingsprosjekt i DNT ung Vestfold. Sidan har ho vore med i DNT ung.
– Eg synest det er flott å ha ein arena der eg kan arbeide med det eg brenn for, samstundes som eg får møte mange andre ungdommar som engasjerer seg for det same.
Mangfald og allemannsrett
DNT ung vil i 2023 jobbe vidare med å auke mangfaldet og inkludere fleire grupper i friluftslivet, deriblant personar med funksjonsnedsetjing og personar med psykisk utviklingshemjing.
– Me vil òg jobbe meir med få grunnlovsfesta allemannsretten, og ikkje minst med å skape sterkare samhald blant dei frivillige i DNT ung slik at enno fleire vert med og engasjerer seg, utdjupar den nye leiaren.
Ho trur resolusjonen som blei vedteken på landsmøtet om kva DNT ung og DNT må gjere for å inkludere fleire i friluftslivet, vil vere ei viktig rettleiing i tida som kjem.
– Den neste kampen me skal ta er å følgje opp resolusjonen, og sikre at me vert enno betre på å inkludere dei med fysiske og psykiske hemjingar i friluftslivet!
– Det er store oppgåver, men me i DNT ung gir oss ikkje før me er i mål!
Ser opp til kollega
Sivertsen ynskjer å vere ein leiar som ser dei ho har rundt seg, og som folk føler dei kan kome til når dei treng det.
– Eg trur det er viktig å vere tilgjengeleg, og at ein slepper til dei andre i styret, slik at me saman kan spele kvarandre gode. Me har alle ulike og gode eigenskapar, og me får til så mykje meir om me samarbeider.
Eitt av leiarførebileta hennar er Lisell Bang, leiaren av TSI (Tromsøstundentenes Idrettslag).
– Eg vart kjend med ho dei to åra eg sat som leiar for valkomiteen til TSI. Eg beundrar den store gjennomføringsevna hennar, og at ho ikkje er redd for å nytte seg av hjelp til det ho ikkje kan sjølv. I tillegg er ho reflektert, og tek ingen val utan at dei er nøye tenkt igjennom. Eg har lært så mykje frå Lisell, og set stor pris på at eg alltid kan ringe ho om eg treng det.
Meir tilgjengeleg friluftsliv
For Sivertsen er idealsamfunnet eit samfunn der vi har løyst klima- og naturkrisa, har naturområde som er fritt tilgjengelege for alle, og der ingen står utanfor samfunnet.
– Friluftslivet er enno meir tilgjengeleg, både lågterskel for dei som føretrekker det, og større urørte område, for dei som ynskjer det. For at me skal nå dette, må me jobbe i lag, alle saman, og om me gjer det, trur eg me skal klare det.
For å halde seg oppdatert forsøkjer 21-åringen frå Horten å lese nyheiter i pausar eller på bussen, og ho høyrer gjerne på Dagsnytt om ho finn tid til det.
Om ho vakna opp til si draumenyheit, hadde overskrifta vore: «Allemannsretten er grunnlovsfesta».
– Det hadde vore fantastisk å vakne opp til.
Vil møte fjellklatringspioner
På fritida er Benedicte Sivertsen ikkje overraskande glad i å vere ute, og ho brukar gjerne fritida til å vere på tur.
– Eg er òg glad i klatring, handarbeid og lesing. I tillegg likar eg godt å trene. Dagane er stort sett fulle, med studium, jobb, frivillig arbeid og alt anna eg gjerne vil gjere, men eg likar godt å ha noko å gjere.
– Kva er den største tidstjuven i din kvardag?
– Det vert fort telefonen. Der skjer det alltid eitkvart, og eg vert fort sittande og svare på meldingar eller lese e-post når eg eigentleg skulle ha gjort noko anna.
Om ho kunne invitere kven som helst på middag, anten ein levande eller ein historisk person, hadde valet falle på Therese Bertheau, ein av dei fyrste kvinnelege fjellklatrarane i Noreg.
– Det hadde vore fantastisk å høyre historiene hennar, og kva ho meiner om fjellsport slik me held på med det i dag. Eg ville servert ho ein moderne vri på ein klassisk rett, det trur eg hadde vore artig.
– Kva for ei bok burde alle lese?
– Skjønnheten i kaos av Julia Ravanis. Eg synest det er utruleg fasinerande korleis ho klarar å samanlikne kvantefysiske fenomen med til dømes å finne kjærleik, og slik flettar fysikken saman med kvardagslivet.
– Kva serie er ditt beste tips akkurat no?
– Eg ser ikkje på TV eller seriar, så her har eg dessverre lite å kome med.
– Kva låt får deg alltid i godt humør?
– Helt Vilt av MinTrio
Fakta
Alder: 21
Personleg pronomen: Ho/Henne
Frå: Horten i Vestfold
Yrke/utdanning: Studerer til master i romfysikk ved UiT og jobbar som prosjektleiar og mentor for ENT3R Tromsø
Favorittfag på skulen: Fysikk
Ulike verv: Leiar for DNT ung Troms, tillitsvald på studiet og studentrepresentant i instituttrådet
Medlem i: DNT, TSI (Tromsøstudentenes Idrettslag)