Vil du verte meir friluftsvand? Her er tipsa frå eventyrarane

Karine Jonsrud Pedersen
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Leiar i DNT Ung

Anna Nes (24) frå Bærum blei valt til leiar i DNT Ung i slutten av mai. Ei av hjertesaka hennar er at friluftslivet skal vere lågterskel og tilgjengelig for alle og einkvar.

Anna Nes er nyvald leiar i DNT ung, og ho har fleire fliluftstips å kome med. Foto: Natalie Hermansen

– Kva er dine tre beste råd til unge som vil verte meir friluftsvande?

  • Begynn i det små – gå turar i den nærmaste bymarka eller sov ute i hagen. Så kan ein auke avstand og vanskegrad etter kvart. Hugs at dei finaste turane ikkje nødvendigvis er dei mest krevande – ein natt i skogen 500 meter frå huset kan vere vel så magisk!
  • Meld deg på en DNT Ung-tur eller få med deg nokon som kan lære bort det dei kan om kart og kompass, turutstyr, korleis bu på hytte/i telt osv.
  • Hugs at det viktigaste er at ein skal kose seg! Viss ein ikkje gjer det, vil ein heller ikkje fortsette.

– Kva skjult perle i Noreg tilrår du alle å reise til/oppleve?

  • Viss eg avslører mine skjulte perler så er dei jo ikkje lenger skjulte! Eg vil heller at folk skal finne sine eigne perler – og det er ikkje så vanskeleg. Då unngår vi også at visse deler av naturen vert alt for slitte.
  • I mine auge finst det både små og store, skjulte skattar der ein beveger seg av stien og ut i terrenget. Eit par hundre meter av stien, og plutseleg dukkar det opp eit tjern som er heilt krystallklart, eller ein foss med ein kulp som ein har for seg sjølv heile dagen, eller ei lita kolle som både har utsikten og den perfekte hengekøyeplassen. Moglegheitene er uendelege!

Vil du bli betre kjend med leiaren i DNT Ung? Les meir her.

Eventyrgutten

John Hobberstad (26) går under @Eventyrgutten på Instagram, og er for augeblikket ute og går Noreg på langs. Vi får ein e-post av han då han er på veg over Saltfjellet og nærmar seg Mo i Rana.

Framtida snakkar med Eventyrgutten, John Hobberstad, etter at han har vore på tur i éin og ein halv månad. I sommar går han Noreg på langs. Foto: John Hobberstad.

Han fortel om mange opplevingar, alt frå dårleg vêr og mykje motstand, både fysisk og psykisk til solskinnsdagar og utsikter som tek pusten frå han.

Hobberstad gav i vår ut boka Mat på bål. 

Han vil meir enn gjerne dele nokre råd med nybyrjarar på feltet.

– Kva er dine tre beste råd til unge som vil verte meir friluftsvande?

  • Begynn i trygge omgivnader. Har du lyst til å sove i telt for fyrste gong? Begynn til dømes i hagen eller ein fin plass i nærleik av heimen. På denne måten har du moglegheit til å trekke inn om noko skulle skje eller du føler ubehag. Det å sove i telt er for mange uvand og derfor reagerer kroppen ulikt. La kroppen bli vand med det før du setr ut på langtur.
  • Ingen skam å snu! Når du har valt deg ut ein tur du vil gå, så hugs at alt kan skje. Ta med nok mat og drikke for turen din, og gløym ikkje snacks. Og blir turen din for tung så er det ingen skam å snu. Toppen er der neste gong du vil prøve også.
  • Turvenn: For dei fleste av oss er det å gå tur aleine vanskeleg. Det er ingen som hjelper, ingen som pusher oss opp bakkane. Ta med ein venn eller bli med på DNT ung sine fellesturar. Det er betydeleg mykje lettare å få mot til å gå turen, det er langt lettare å halde humøret på topp og mykje hyggeligare å dele opplevinga. Tida flyr og du skapar eventyr du vil hugse i all framtid med vennane dine.

Toppen er der neste gong du vil prøve også.

 

– Kva skjult perle i Noreg tilrår du alle å reise til/oppleve?

– Her er det vanskeleg å velje ut! Men eg deler gjerne mine favorittar.

  • Skåpet i Rogaland: Ei flott og unik DNT-hytte med god utsikt. Terrenget er enkelt og turen er ikkje av dei lengste. Men opplevinga du får kan fort bli ei av dei beste!
  • Hardangervidda: Kanskje ikkje ei så skjult perle, men definitivt ei perle! Her gruer mange seg når dei høyrer at turen tek 5-6 dagar, men det er absolutt ikkje noko å vere redd for. Hardangervidda er ein perfekt stad å starte eventyrlivet for ein nybyrjar siden terrenget er lettgått, samtidig som du får dei fine utsiktene du drøymer om. Vidda er full av DNT-hytter og derfor er det fullt mogleg å gå fleire dagar utan for stor oppakning i ryggsekken. På Hardangervidda har du uendeleg mange ruteval – eg tilrår turen frå Dyranut til Rjukan, ca. 100 kilometer på fem dagar.

Her er John Hobberstad, også kjend som Eventyrgutten, på Hardangevidda. – Mange fine bruer gjer det lett å kryssa vidda, skriv han på ein e-post til Framtida. Foto: John Hobberstad.

  • Fannaråken i Jotunheimen: Dette er ein tur mange har høyrt om, men vel så mange har aldri høyrt namnet før. Denne DNT-hytta byr på 360 gradar utsikt over Jotunheimen og potensielt ein av Noregs finaste solnedgangar. Her kan du gå ifrå Sognefjellshytta med breførar over Fannaråkbreen og vidare til toppen. Du kan fint fortsette turen ned til Turtagrø neste dag og haike eller hoppe på buss tilbake til Sognefjellshytta. Her er det mange høgdemeter som ein skal legge bak seg. Men med godt mot, nokre vennar og eit klart mål om kva som ventar på toppen, er dette ein overkommeleg tur for dei fleste. På Fannaråkhytta kan du kjøpe god, varm mat og frukost i sommar-sesongen.

Friluftsjenta

Karen Malena Kyllesø (18), meir kjend som @Friluftsjenta på Instagram, elskar å teste eigne grenser og å kjenne på mestringskjensla. Ho feira 15-årsdagen sin midt på Grønlandsisen, og har etter det blant anna vore aktiv som turleiar i DNT Ung. Kyllesø har også hatt med sine to bestefedre på ski over Finnmarksvidda.

Karen Malena Kyllesø (18) har alltid vore mye ute. Biletet er frå i fjor sommar då ho gjekk aleine gjennom Ryfylkeheiane. Foto: Karen Malena Kyllesø.

Ho har følgjande friluftstips på lur:

– Kva er dine tre beste råd til unge som vil verte meir friluftsvande?

  • Begynn med å «samle» på noko: Til dømes kan ein samle på turisthytter, fjelltoppar, bad i forskjellige fjellvatn eller overnattingar i hengekøye. Berre fantasien set grenser for kva ein kan samle på. Mitt beste tips er å sette seg eit mål for samlinga, til dømes 20 overnattingar i løpet av eit år. For meg har mine «samlingar» hjelpt meg til å kome meg ut, og ikkje minst til nye stader.
  • Finn inspirasjon på Instagram: Då eg var 13 år starta eg Instagram-kontoen @Friluftsjenta. Her delte eg bilete frå mine eigne turar, og fann inspirasjon hjå andre friluftsfolk. Eg meiner at Instagram er ein genial plattform for utveksling av turtips og idear. På Instagram har eg funne mange fine turar, og fått masse tips og triks frå andre kontoar.
  • Gå nærtur: Korte turar i lokalområdet ditt er ofte det enklaste og det som kjennest tryggast om ein er nybyrjar. Ta med ein god venn og god mat, og sett opp teltet i ditt lokale turområde. Om det kjennest tryggare, kan ein gjerne overnatte stadar med mobildekning. Det enkle er ofte det beste.

Her er Karen Malena Kyllesø på nærtur i bygda si, i Årdal i Ryfylke. Foto: Karen Malena Kyllesø

Begynn med å samle på noko.

 

– Kva skjult perle i Noreg tilrår du alle å reise til/oppleve?

  • Mine beste tips til turperler finn ein på Sørvestlandet. Sørlandsheiene med Sirdal, Setesdal og Ryfylkeheiene får etter mi meining alt for lite merksemd. Dette er flotte luftige heier med mykje godt løypenett knytt til selvbetjente turistforeiningshytter. Det er også ekstremt mykje fint dyreliv i desse heiene, og her vandrar blant anna den sørlegaste villreinstamma i verda.
  • For unge som gjerne har litt vanskelegare å finne transport til stadar, vil eg tilrå turar med utgangspunkt i Finse og Haukeliseter som er lett tilgjengeleg med tog og buss frå Oslo, Bergen og Stavanger. Både Haukeliseter og Finse er gode utgangspunkt for fine turar, sommar som vinter.

Fekk du med deg DNT Ung sine sommarturtips i 2019? Her kan du lese dei igjen. Kanskje finn du drømmedestinasjonen? 

Turen over Besseggen er ein av Noregs mest kjente og populære turar. Her frå sesongopninga i 2015. Foto: Marius Dalsæg Sætre/DNT