Trym (21) flytta til Tromsø for å drive med frikøyring: – Gir ei fridomskjensle

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er den fridomskjensla, da! Kjensla av alpine forhold. Det å vere uavhengig, og berre vere seg sjølv.

Slik skildrar Trym Varland korleis det kjennest å drive med frikøyring. 21-åringen er ein av mange som dei siste åra har spent på seg toppturskia og sett utføre snødekte fjellsider.

– Det blir i alle fall ein tur i veka, og gjerne tre. I starten av sesongen, når det er skikkeleg gode snøforhold, står eg gjerne på ski ni dagar i strekk, fortel han på telefon til Framtida.no.

Ein av favorittdestinasjonane er Kvaløya, rett ved Tromsøya.

Det er heilt himmelen! Det er lite innmarsj for å kome seg til fjellet, og ein kan køyre utruleg kule linjer ned fjellsida. 

Kattfjordeidet på Kvaløya. Bilete teke frå Djeveltanna. Her kan ein sjå Storsteinnestindan, forklarar Trym Varland. Foto: Privat

Flytta til Tromsø

Mossingen studerer romfysikk ved Universitetet i Tromsø. Grunnen til at han flytta nordover, var først og fremst for å stå på ski.

Han hadde tidlegare drive med parkkøyring og triksing på ski, før han satsa på motorsykkel.

Litt triksing på ein tur på Kattfjordeidet på Kvaløya. Foto: Magnus Nordmo

Då han la opp med motorsporten, ville Varland tilbake til skia. Han blei introdusert for frikøyring gjennom ein kompis.

Eg hadde aldri drive med det før eg flytta opp hit i 2020. Det var berre å skaffe seg ski og utstyr og kome seg opp i fjellet. 

Populært med tøffare aktivitetar

Varland er ikkje aleine om å kaste seg på toppturbølja. Leiar i DNT ung, Anna Nes, stadfestar til Framtida.no at randonee har blitt veldig populært.

– Ingen tvil om det! Dei som styrer DNT-hyttene Glitterheim og Gjendesheim i Jotunheimen fortel om fullteikna kurs, med ventelister. Det er mange som går Høgruta i Jotunheimen.

På Leirvassbu, som no har blitt DNT-hytte, var skohylla fylt med randonee-støvlar frå første opningsdag, fortel Nes, og legg til at det òg er stor interesse for dagsturar på randonee som blir arrangert av fleire lokallag.

DNT har lagt merke til at mange er opptekne av turar med litt tøffare aktivitetar enn før.

– Interessa for toppturar på ski, fokus på skredvett, hundekøyring og grotting har blitt aukande etter pandemien. Det trur vi held fram.

Anna Nes er leiar i DNT ung. Foto: Marius Dalseg

Også frikøyrar Trym Varland i Tromsø har lagt godt merke til at toppturar har blitt meir populært.

– Dei mest populære fjella ser nesten ut som skisenter fordi det er så mange nedkøyringar overalt.

Trym Varland rappellerer på Middagstinden på Kvaløya, Kattfjordeidet. Foto: Privat

Aukande trend

Sportskjeda XXL merkar òg at toppturar er i vinden. Salssjef for ski og sykkel Kristin Høyesveen fortel at det har vore ein gradvis aukande trend dei siste ti åra, og salet og etterspurnaden har blitt større for kvart år som går. Randoneeski har i stor grad teke over for telemarkskien.

– Når vi køyrer kampanje, ser vi at topptur er noko folk ofte klinkar til på når det først er sal. Vi ser at det er veldig populært då.

For ein må fort rekne med å betale mellom 10 000 og 20 000 for toppturutstyr, og med prisauken i samfunnet og høge straumprisar, merkar dei at folk no brukar litt mindre pengar på slike ting.

Om ein er flink til å ta vare på utstyret, kan det vare lenge. Mange går òg for ski som ein kan bruke litt overalt.

Dei som kjøper randonee og toppturutstyr, er alt frå dei som kjem inn for sitt tredje eller fjerde par, til nybyrjarar.

– Eg trur det skjedde noko med folk sine interesser og vanar i koronatida, og at fleire fekk auga opp for nye ting, som toppturar, seier Høyesveen i XXL.

Sosialt

I tillegg til fridomskjensla det gir å stå på randonee, trekker Trym Varland fram det gode skimiljøet.

Som innflyttar var det å bli med på toppturar ein fin måte å bli kjent med folk, spesielt når han kom til Tromsø midt i koronatida.

Trym Varland. Foto: Privat

– Eg føler meg veldig privilegert som fekk kome fort inn i skimiljøet. Alle er opne og vil stå på ski. 

For ein bør helst ikkje reise ut i fjellet heilt aleine. Ein kan skade seg, eller møte på vanskelege forhold, og då kan det vere greitt å vere fleire.

Skredvett

Røde Kors melder om rekordmange oppdrag til no i påska. Berre eit par dagar etter at Framtida.no snakkar med Trym Varland, går det fleire skred i Troms. Fire personar mistar livet i skreda. Eit av skreda gjekk i Lyngen, som er ein av favorittstadane til frikøyraren.

Varland minner om at det er viktig å førebu seg godt når ein skal gå på ski i fjellet. Kva ein bør tenke på, kjem an på turen, og det er mykje ein må ta med i betraktinga.

– Men dess meir ein er ute, dess meir vil ein lære.

Ein blir godt sliten av toppturar, og bør passe på å ikkje bli for sliten på veg opp, for ein skal også nedover. – Ein dag med køyring har maks to nedkøyringar, og ofte er det berre ein gong ned, fortel Trym Varland. Her er han og turfølgjet på veg til Djeveltanna. Foto: Privat

Eit viktig tips er å sjå på snøen. Før han drar ut, plar han sjekke mellom anna Varsom, Yr og vêrhistorikken – korleis det har snødd, kva retning det har blåst, temperaturendringar og liknande.

Når ein først er ute, kan det vere lurt å gå utanom ferdigtrakka spor.

– For elles merkar du ikkje korleis snøen er. Ein må gjere vurderingar heile tida når ein går.

– Eit problem her, er at mange tilreisande ikkje har like god kontroll. Dei som bur her har god aning om snølag og kva som har skjedd i det siste, seier Varland.

Anna Nes i DNT ung peikar på at det er vanskeleg å lese seg opp på skredvett.

– Går ein på eit skredkurs får ein innføring av ekspertar i korleis ta trygge val og kva ein gjer viss eit skred skulle gå. Dette er kunnskap som kan redde liv. Alle som går på topptur bør ta skredkurs, slår ho fast.

– Viktigast av alt for nye toppturentusiastar: skredkurs, skredkurs og skredkurs!

Langdalstindane (Guhkkesgaisi) i Tromsø kommune og ein del av Lyngsalpan. Foto: Privat

Passar for alle

– Tipset mitt for å starte med randonee, vil først av alt vere å kjøpe utstyr eller leige, seier Trym Varland.

Det er dyrt i starten, for med skredfare og komplekse forhold, er det viktig med godt skredutstyr. Men, 21-åringen minner om at det er mange som leiger ut ski og utstyr. Han sit sjølv i toppturgruppa til UiT, som har mykje skredutstyr som dei leiger ut.

Vidare rår Trym folk til å prøve seg på nokre fjell som ikkje er for vanskelege, eller går ut over eigen kompetanse på ski og med skred.

– Elles bør ein vere mykje på tur og gjere det ein sjølv synest er gøy.

– Er randonee for alle?

– Ja, absolutt! Det eg synest er fint med randonee, er at det gir tilgang til ting ein tenker ein berre kan gjere i heis. Det passar til alle, ein må berre justere og planlegge etter kven ein er og kva ein har lyst til å få ut av turen.

Trym Varland på ein tur i Sørbotn. Foto: Kristoffer Refsnes

Påsketur og utlandet

– Lyngen er verdskjent for fjella sine og skikøyringa. Det er i underkant av 2000 høgdemeter, med store og bratte fjell og veldig alpint, seier Trym Varland om ein av favorittplassane sine.

Han drøymer òg om å køyre friski i utlandet, noko han aldri har gjort før. 

– Eg har ein liten plan om Japan og Canada nokre månader neste år.

Men planen for påska er klar. Ikkje overraskande skal han bruke dagane på ski.

– Eg har bil eg kan sove i, så det blir først ein tur til i Lofoten for ski og surfing, og så Senja.


Illustrasjonsfoto frå Haukeliseter: Marius Dalseg Sætre/DNT