DNT ung hadde sitt landsmøte på Haukeliseter fjellstue førre helg. På landsmøtet blei det vedteke ein resolusjon som ber stortingspolitikarar gjere allemannsretten grunnlovsfesta, skriv ungdomsorganisasjonen i ei pressemelding.
Ei grunnlovsendring krev 2/3 fleirtal i to ulike stortingsperiodar. I førre stortingsperiode stemte eit fleirtal av stortingspolitikarane for grunnlovsfestinga av allemannsretten.
Leiar i DNT ung, Anna Nes, seier vi undervurderer kor stor trusselen mot den norske friluftstradisjonen kan bli i åra som kjem.
– For det første får vi stadig mindre natur. Det blir bygd ned i høgt tempo, og dei samanhengande naturområda blir færre og færre. For det andre blir allemannsretten stadig oftare utfordra. Vi ser avgrensingar på telting, ulovlege stengsel i strandsona og betaling for inngang, seier Nes i pressemeldinga.
