Brenna ber Utdanningsdirektoratet om ei forklaring

Nynorsk Pressekontor
Publisert

Den skriftlege eksamenen i norsk hovudmål vart måndag prega av store tekniske problem. Datatrøbbel gjorde mellom anna at mange ikkje fekk levert, og nokon fekk ikkje eingong lese oppgåva.

– Vi må unngå at dette skjer igjen. Eg har bede Utdanningsdirektoratet om ei forklaring for å få greie på kva som skjedde og kva som blir gjort for å forhindre at dette skjer igjen.

– Sånn skal vi ikkje ha det. Eksamen er ein viktig del av sluttvurderinga til elevane, seier Brenna i ei pressemelding.

– Leitt for elevane

Det oppstod problem med Utdanningsdirektoratets nettsider i heile landet då eksamen skulle starte klokka 9. Utover formiddagen fekk mange logga seg inn, men det løyste seg ikkje for alle.

I Møre og Romsdal vart norskeksamen avlyst på vidaregåande skular i heile fylket. Lokale nettverksproblem gjorde at skulane i dette fylket hamna i ei særstilling. Viken bad også om avlysing etter at mange elevar måtte sendast heim utan å ha avlagt eksamen, men fekk nei frå Utdanningsdirektoratet.

– Nokre stader har eksamen ikkje vorte gjennomført. Det er ekstra leitt for elevane som var klare til å gjennomføre i dag, seier Brenna.

Kunnskapsminister Tonje Brenna fotografert under regjeringas pressekonferanse for born om Ukraina-krigen onsdag 20. april. Foto: Andrea Nøttveit

Eksamen held fram som planlagt

Utdanningsdirektør Morten Rosenkvist beklagar på det sterkaste at mange elevar fekk ein vanskeleg start på eksamen. Feilen vart retta måndag formiddag, og systema fungerer no som dei skal, opplyser han.

– Vi jobbar no med at noko tilsvarande ikkje skal skje, og eksamen går som planlagt dei kommande dagane, seier Rosenkvist til NTB.

Mann i dress smiler til kamera

Utdanningsdirektør Morten Rosenkvist. Foto: Utdanningsdirektoratet

– Vi har gjort omfattande testar i forkant, og systemet har fungert etter planen heile vegen. Vi har derfor valt å gå for denne løysinga, sjølv om det alltid vil vere ein risiko knytt til innføring av nye system. Elevane er vande til å lese og levere oppgåver digitalt, og det er dette dei også møter i eksamenssituasjonen, seier han.

Sjølv om det oppstod forseinkingar mange stader, er terskelen for å avlyse eksamen høg, legg han til. Det er fordi eksamen er ein viktig del av sluttvurderinga, og elevar har rett til å få vist kompetansen sin.

Frustrerte rektorar

Det er framleis ukjent kor mange elevar i Viken som vart sende heim etter at dei ikkje hadde fått logga seg inn på nettsida Utdanningsdirektoratet.

Fylket vil no søkje om annullering og dispensasjon for dei.

Ei rekkje rektorar har gitt uttrykk for tydeleg frustrasjon og oppgittheit på vegner av elevane. Det blir møtt med forståing hos kunnskapsministeren.

– Det må ha vore veldig stressande for alle elevane som i dag var klare for å gjennomføre eksamen, at dei fekk ein slik start på dagen, seier Brenna.

Assisterande rektor Kristin Tangen ved Nadderud vidaregåande skule i Bærum meiner beredskapen har vore for dårleg. Skulane hadde på førehand gitt beskjed om at dei ville ha papireksemplar tilgjengeleg i tilfellet noko skulle gå gale, påpeikar ho.

– Vi fekk beskjed om at vi ikkje skal skrive ut, men vi måtte til slutt byrje å skrive ut i dag, og eg veit mange andre har skrive ut. Hadde vi fått det i papir, ville alt dette vore unngått. Då kunne dei byrja og logga seg inn når problema var over, seier ho til VG.

Første eksamen for mange elevar

Over 270 000 elevar skulle opp til eksamen i vår. For dei fleste av dei var det første gong dei skulle få kjenne på eksamensnervar. Pandemien stansa eksamen i fleire år.

– Det er kjempeproblematisk at Utdanningsdirektoratets nettsider krasjar på ein så stor dag for mange elevar, seier påtroppande leiar i Elevorganisasjonen, Petter Andreas Lona, til NTB.

Ung mann med armane i kors ser alvorleg i kamera.

Petter Andreas Lona er leiar i Elevorganisasjonen. Foto: Hannah Baarøy

Åtvara

Utdanningsforbundet opplyser at dei åtvara mot problema på førehand.

– Dette er krise for elevane. Vi påpeika at det burde vore ein plan B, men fekk ikkje gehør, seier Thom Jambak, sentralstyremedlem i Utdanningsforbundet, til NTB.

Jambak seier at det for dei verkar som om endringa av eksamen har bestått av digitalisering, og at ein har gløymt det faglege og praktiske.

– Dette vil sannsynlegvis også få konsekvensar for opptak til høgare utdanning og vil dessverre ramme elevane sterkt, seier Jambak.


Kollasj av person som skriv på PC og skjermdump frå UiO om info om klage på eksamen.

Ein tredel av klagene på eksamen enda med endra karakter. Illustrasjonsfoto: Glenn Carstens-Peters on Unsplash, Canva, kollasj av Framtida.no