To av tre studentar kjem ingen veg ved å klage på eksamenskarakteren

Nynorsk Pressekontor
Publisert

I gjennomsnitt var det 1 av 3 klager på eksamenskarakteren som enda med ein endra karakter, skriv Khrono.

Nesten 21 prosent av klagene gjekk opp éin karakter etter ny sensur. Derimot førte nesten 10 prosent av klagene til at karakteren gjekk ned.

Khrono har fått klagestatistikk for 2022 frå NTNU, Universitetet i Oslo, Universitetet i Bergen og Universitetet i Tromsø.

NSO-leiar Maika Godal Dam. Foto: Sjalg Bøhmer Vold/NSO

Leiar i Norsk studentorganisasjon (NSO), Maika Godal Dam, seier det viktigaste ikkje er kva for resultat klagarane endar opp med, men at studentane har eit høve til å klage.

– Det hadde vore veldig bra om alle som klager blir ståande på same karakter, då hadde vi hatt eit vasstett system. Det vil vi nok aldri sjå sidan det er moglegheiter for ulike tolkingar av karaktersetjing, seier ho til Khrono.