Falskt bilete av paven i Balenciaga-jakke går viralt: – Skremmande

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den siste veka har eit bilete av 86 år gamle pave Frans i ei kvit Balenciaga «pufferjakke» gått viralt.

Det falske biletet er laga ved hjelp av eit kunstig intelligens-verktøy kalla Midjourney, men har lurt mange internettbrukarar.

– Eg trudde paven si pufferjakke var ekte og tenkte ikkje eit sekund over det. Aldri om eg overlever framtidas teknologi, skriv Chrissy Teigen på Twitter.

Opphavsmann: – Folk går rett på

Mannen som laga biletet ved hjelp av kunstig intelligens heiter Pablo Xavier til fornamn, men vil ikkje bruka etternamnet sitt.

Den 31 år gamle bygningsarbeidaren frå Chicago-området fortel til nettstaden Buzzfeed at han syntest det var ein morosam idé med eit bilete av paven i ei morosam jakke.

Han vart så nøgd med resultatet at han lasta bileta opp på Facebook-gruppa AI Art Universe og nettstaden Reddit, der dei kort tid etter gjekk viralt.

– Folk går rett på og trudde det var ekte utan å stilla spørsmål, seier opphavsmannen til Buzzfeed.

31-åringen omtalar det heile som «skremmande» og har til dømes sett at bileta er blitt brukt for å kritisera den katolske kyrkja for overdådig pengebruk.

Opphavsmannen meiner myndigheitene må på banen for å kontrollera utviklinga.

– Det kjem definitivt til å bli alvorleg om dei ikkje startar å implementera lover for å regulera det, åtvarar han.

Norsk ekspert åtvarar

Bileta har fått mykje merksemd i internasjonale medium og her heime har TV2.no omtala saka.

Teknologiekspert Hans-Petter Nygård-Hansen åtvarar om at kunstig intelligens kan få alvorlege følgjer for tilliten i samfunnet.

– Sjølv om biletet av pave Frans er morosamt og harmlaust i seg sjølv, bidreg det til at me i aukande grad blir usikre på kva me kan stola på er ekte og ikkje, seier Nygård-Hansen til TV2.no.

Eksperten rår folk til å vera kritisk om noko er for godt til å vera sant. Ein kan ofte sjå på tenner, fingrar, skuggar og overgangar for å avsløra falske bilete. Vidare kan ein sjekka om redaktørstyrte medium har omtala saka.

Nygård-Hansen etterlyser lover og reglar for å sikra etisk og moralsk teknologi. Eksperten åtvarar om at store hendingar, valkampar og viktige prosessar, vil bli utsette for uetisk, umoralsk og ulovleg teknologi for å endra folk sitt bilete av verkelegheita.

– Og det vil svekkja vår tillit til kvarandre, finansielle institusjonar og våre folkevalde, seier han til TV2.no.