Martin (25) vann skrivekonkurranse med KI-kritisk tekst

Martin Pettersen håpar at både han og framtidige elevar let vere å outsource tenkinga si.

Åshild Slåen
Publisert

– Ein må verdsette det menneskeskapte, seier Martin Pettersen (25) på telefon til Framtida.no.

Lærarstudenten er skeptisk til kor mykje plass kunstig intelligens (KI) skal få i kvardagen vår, og tok fatt i denne problemstillinga i skrivekonkurransen «Teknologi i framtida», som Magasinett og Framtida.no står for.

Vinnarteksten hans tar for seg kva som skjer med tankeevna vår dersom vi brukar for mykje kunstig intelligens.

– Kva er det ved KI som du synest er problematisk?

– At ein outsourcar tankeevna si. At ein rett og slett blir litt for fortruleg med desse KI-botane, som ikkje nødvendigvis alltid har rett, og kanskje til og med bygger opp under forskjellige misoppfatningar ein kan ha. Det blir kanskje eit ekkokammer til slutt.

Kritisk tenking og kunstig intelligens

Juryen synest KI-temaet var løyst på ein kreativ og spennande måte av Pettersen.

– Skribenten har ein solid penn, og teksten er både interessant og morosam å lese, skriv dei i grunngjevinga si.

Vinnaren synest det er stas å bli premiert, og fortel at oppgåva inspirerte han, fordi det er aktuelt i både nyheitene og på studiet hans.

Her kan du lese vinnarteksta: Byt bort KI, få tankane att!

 

Grunngjeving frå juryen

Skribenten har skrive ein skarp tekst som tar for seg temaet KI på ein kreativ og spennande måte. Han brukar gode referansar frå både filosofien og populærkulturen for å drøfte og eksemplifisere problematikken, og gjer med det eit komplekst tema tilgjengeleg for lesaren. Skribenten har ein solid penn, og teksten er både interessant og morosam å lese.

– Vi har om kritisk tenking i PPU, og har sett på Pisa-resultata og at folk baserer seg på det dei får servert, utan å gjere seg opp eigne tankar, fortel han.

Han var nyleg i praksis på ein skule der han fekk vere med då lærarane fekk opplæring frå Faktisk.no i korleis dei skulle handtere dette blant elevane.

– Det var spennande!

Påverkar elevar

Pettersen har norsk og engelsk som hovudfag, og likar å både lese og skrive. Han er fullstendig klar over at kunstig intelligens pregar kvardagen til elevane han etter kvart kan bli lærar for.

– Med desse Pisa-resultata er det viktig å fokusere på kritisk tenking framover. Ein elev klarar kanskje ikkje å venje av seg å bruke KI, som så mange har funne lett å ta i bruk.

Om KI-en serverer litt for tilpassa informasjon, basert på søkehistorikk og algoritmar, meiner han elevane ikkje blir utfordra slik dei bør bli.

Sjølv synest han det nokre gonger er lettvint å bruke KI-oppsummeringar, men det er eitt område han vil halde roboten unna:

– Viss eg skal skrive noko, så brukar eg ikkje KI. Viss eg skal jobbe med oppgåver på universitetet, så brukar eg ikkje KI.